Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i norsk / norskdidaktikk

Søknadsfrist 20. februar 2019

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 11.000 studentar og 1.600 tilsette. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon. Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk, er ein del av Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora. Instituttet tilbyr grunnskulelærarutdanningar, årsstudiar i praktisk-estetiske fag (idrett/kroppsøving, drama og kunst og handverk), bachelor i idrett/kroppsøving og master- og doktorgradsutdanning i utdanningsvitskap. Utdanningsvitskap er eit faglig satsingsområde ved universitetet, og instituttet er budd til å ta eit større ansvar for å utdanna tiltrengt arbeidskraft både regionalt og nasjonalt innafor dette fagområdet. Det er i dag 75 tilsette og 900 studentar knytt til instituttet.

Universitetet i Stavanger søkjer etter førsteamanuensis/førstelektor i norsk/norskdidaktikk.

Arbeidsoppgåver og fagmiljø

Fagområde for stillinga er norsk/norskdidaktikk, språk- og tekstvitskapelege emne. Særleg aktuelle emne er språk- og tekststrukturar (grammatikk og tekstlingvistikk) og skriving/skriveutvikling. Andre norskfaglege og norskdidaktiske emne kan også vere aktuelle. Den som blir tilsett, må dokumentere faglege kvalifikasjonar som er relevante på ulike nivå i lærarutdanningane. Arbeidsoppgåvene er knytt til heile løpet i grunnskulelærar-utdanningane - frå grunnutdanning til masterutdanning (og doktorgradsutdanning for førsteamanuensis).

Stillinga er organisatorisk knytt til Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora fakultet, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Stillinga er ledig frå 01.08.2019.

Som førsteamanuensis vil du hovudsakleg undervise og rettleie studentar på bachelor- master- og doktorgradsnivå innanfor norsk/norskdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane, forske og formidle forskingsresultat innanfor relevante forskingsområde ved instituttet, samt bidra til utvikling av samarbeid med arbeidslivet.

Som førstelektor vil du hovudsakleg undervise og rettleie studentar på bachelor- og mastergradsnivå innanfor norsk/norskdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane, forske og formidle forskingsresultat innanfor relevante forskingsområde ved instituttet, samt bidra til utvikling av samarbeid med arbeidslivet.

Utvikling og bruk av varierte og digitale læringsmåtar i undervisninga, innovasjon og verdiskaping basert på resultat frå forsking, fagleg- og kunstnarisk utviklingsarbeid inngår i stillinga. Stillingsomtala gir ei nærmare forklaring av fagområde og aktuelle oppgåver for førsteamanuensis/førstelektor.

Kompetansekrav

Vi søkjer etter førsteamanuensis med doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor fagområdet. Søkjarar med spesialisering innanfor språk- og tektsvitskapelege emne eller skriving/skriveutvikling vert føretrekt, men søkjarar med spesialisering innanfor nærliggjande område kan også vera aktuelle kandidatar.

For tilsetjing som førstelektor er det nødvendig med dokumentert omfattande forskings- og utviklingsarbeid som i kvalitet og omfang tilsvarar arbeidsmengde og nivå for ei doktorgradsavhandling.

Du må kunne dokumentera pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, eller gjennomføra universitetspedagogisk kurs innan ein periode på to år frå tiltreding. Universitetet vil tilby kurset.

Vidare vert det lagt vekt på at du har:

  • Ei reflektert og bevisst haldning til eiga undervisnings- og rettleiingsarbeid.
  • Evne til å involvera og engasjera studentane i undervisning kor utdanninga sine mål, innhald og vurderingssituasjonar heng nøye saman.
  • Erfaring med og/eller interesse for utvikling og bruk av varierte læringsmåtar og digitale reiskapar i undervisninga.
  • Formidle forskingsresultat i anerkjente norske og internasjonale publiseringskanalar, og at du kan visa til progresjon i forsking og publisering.
  • Evne til å initiere, skaffa ekstern finansiering til, drive og gjennomføre forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Erfaring frå samarbeid med arbeidslivet.
  • Evne til å byggje og ivareta nettverk-regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • Erfaring med nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking.
  • Høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikle ny kunnskap saman med andre.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø.

Arbeids- og undervisningsspråket er norsk og engelsk. Du må meistre både bokmål og nynorsk.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med tilstrekkeleg vitskapeleg kompetanse, kan det verta aktuelt å tilsetja midlertidig for inntil tre år med sikte på kvalifisering og fast tilsetjing. Søkjar må ha føresetnad om å skaffa seg nødvendige kvalifikasjonar i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spanande og samfunnsviktig organisasjon.
  • Eit ambisiøst arbeidsfellesskap i positiv utvikling. Vi arbeider for å inkludere tilsette på alle nivå i strategiske avgjersler, fremja ein uformell atmosfære og ein flat organisasjons-struktur.
  • Kollegabasert rettleiingsprogram det første året du underviser ved UiS, NyTi.
  • Lønn etter statens lønnsregulativ, l.pl 17.510, kode 1011, kr 500.000 - 600.000. bto. pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjonsrettar. Medlem kan søkja bustadlån til gunstige vilkår.
  • Gunstig medlemskap på treningssenter og bedriftsidrettslag.
  • Tilsetjing i IA-bedrift som er opptatt av å redusere sjukefråværet, auka del med redusert arbeidsevne og auke yrkesaktiviteten for eldre arbeidstakarar.
  • Hjem-jobb-hjem, kollektivtransport til og frå jobb til gunstig pris.
  • Som arbeidstakar i Noreg vil du ha tilgang til eit svært godt helsesystem og gode pensjonar, sjenerøs fødsels-/foreldrepermisjon og ei konkurransedyktig lønn. Barnehageplass er garantert og rimeleg, offentleg skole er gratis.
  • Relocation-program ved flytting til Noreg, inkluderer bl.a. støtte og språkkurs for partnarar.

Generell informasjon

Søknaden din vil verte vurdert av ein sakkunnig komité. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga vert lagd på bedømming av innsende vitskapelege arbeid/dokumentert kunstnarisk verksemd og dokumentert undervisningskompetanse. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og eventuelt andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga, vert også vurdert av dei sakkunnige.

Dersom det melder seg svært mange søkjarar, kan det verta aktuelt å avslå søknader før søknadspapira vert sende til sakkunnig komité for vurdering. Dette vil vera aktuelt for søkjarar som ikkje tilfredsstiller sentrale delar av kompetansekrava.

På bakgrunn av utsegn frå sakkunnig komité vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøve-undervisning før innstilling vert gitt.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at vedkommande kan vera til stades ved, og tilgjengeleg for, fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Nærmare opplysningar

Stillingsomtala gir nærmare greie for fagområde og aktuelle arbeidsoppgåver.

Nærmare opplysningar om stillinga får ein ved å venda seg til:

Opplysningar om tilsetjingsprosessen får ein ved å venda seg til HR-rådgjevar Grete Marnburg, tlf 51833545, epost grete.marnburg.@uis.no.

Søknad

Søk stillinga elektronisk via «Søk stillinga» på denne sida. Her vert søknadsbrev, relevant utdanning og erfaring registrerte.

Følgjande dokument skal lastast opp som vedlegg til søknaden, i separate filer:

  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig liste over vitskapelege arbeid og kunstnarisk verksemd.
  • Inntil 10 arbeid som dokumenterer undervisnings- og utdanningsfagleg kompetanse, sjå Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse
  • Inntil 10 vitskapelege arbeid som er sentrale i forskingsproduksjon din
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som skal vurderast i forhold til krava til stillinga.

Dokumentasjonen må vera på eit skandinavisk språk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før dei vert lasta opp.

Opplysningar og dokumentasjon som det skal tas omsyn til ved vurderinga, må vere registrerte innan utløp av søknadsfristen. Kontaktinformasjon til tre referansepersonar må ein finna i søknaden eller på førespurnad.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentlighetsloven § 25.

Stillingsomtale – førsteamanuensis/førstelektor i norsk/norskdidaktikk

Fagområde

Fagområdet for stillinga er norsk/norskdidaktikk, språk- og tekstvitskaplege emne. Særleg aktuelle emne er språk- og tekststrukturar (grammatikk og tekstlingvistikk) og skriving/skriveutvikling. Andre norskfaglege og norskdidaktiske emne kan også vere aktuelle. Den som blir tilsett, må dokumentere faglege kvalifikasjonar som er relevante på ulike nivå i lærarutdanningane. Arbeidsoppgåvene er knytt til heile løpet i grunnskulelærarutdanningane - frå grunnutdanning til masterutdanning og doktogradsutdanning (for førsteamanuensis).

Tilsetjinga gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Stillinga er organisatorisk plassert ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk. Informasjon om eininga kan ein finne på nettsidene våre. Førsteamanuensis/førstelektor vil kunna delta i forskingsfellesskap på tvers av organisatoriske einingar.

Aktuelle oppgåver

Førsteamanuensis/førstelektor skal saman med det andre vitskapelege personalet ivareta:

Utdanning

  • Bidra til utvikling av fagleg sterke og relevante utdanningsprogram
  • Vidareutvikle og styrkje dei faglege omdøma til utdanningsprogramma gjennom å gi undervisning og rettleiing av høg kvalitet, på bachelor-, master- og doktorgradsnivå (førsteamanuensis).
  • Bidra i og utvikle aktuelle etter- og vidareutdanningstilbod.
  • Leggje til rette for læringa til studentane i tråd med læringsmåla til studieprogramma.
  • Drive pedagogisk utvikling og læremiddelproduksjon
  • Inngå i kontinuerlege kompetansehevingsprosessar knytt til undervisning og rettleiing
  • Bidra ved utvikling av nye undervisningsmetodar og bruk av ulike digitale læringsressursar
  • Gjennomføre studentevalueringar og drive kontinuerleg utvikling av kvaliteten til utdanninga.

Forsking, kunstnarisk utvikling og innovasjon

  • Forske, drive fagleg- og/eller kunstnarisk utviklingsarbeid innanfor fagområdet.
  • Initiere, skaffe ekstern finansiering til, drive og gjennomføre forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Drive anvendeleg næringsretta, praksisnær profesjonsretta og/eller samfunnsrelevant forsking, også på oppdrag frå, og i samarbeid med samfunns- og arbeidsliv.
  • Delta i og utvikle forskingsfellesskap frå universitetet - programområde eller forskargrupper.
  • Involvere studentar i forskings- og kunstnarisk utviklingsarbeid
  • Bidra til innovasjon og verdiskaping basert på resultat frå forsking, fagleg- og kunstnarisk utviklingsarbeid.
  • Involvere studentane i entreprenørskapsaktivitetar og bidra til å utvikla entreprenørskapskompetansen deira.
  • Etablere nettverk og samarbeid med forskarar nasjonalt og internasjonalt

Formidling og samfunnskontakt

  • Formidle forskingsresultat i norske og internasjonale publiseringskanalar.
  • Drive populærvitskapeleg formidling.
  • Bidra i fagleg anerkjende konferansar, nasjonalt og internasjonalt.
  • Delta i fag- og samfunnsdebatten.
  • Bidra til utvikling av samarbeid med samfunns-, kultur- og arbeidsliv
  • Byggje og ivareta eit breitt nettverk med privat og offentleg sektor, nasjonalt og internasjonalt

Administrasjon

  • Delta i fagstrategisk arbeid og ved å utarbeida nye undervisningsemne/fagfelt.
  • Leggje til rette for eksamen, delta ved sensur.
  • Delta i sakkunnige komitear og interne vurderingskomitear.
  • Ta vare på verv i nasjonalt og internasjonale komitear, samt i råd og utval ved UiS.

Det vert venta at den som blir tilsett støttar opp om og deltar i dei andre aktivitetane ved fakultetet og kan ta på seg oppgåver på tvers av institutt- og fakultetsgrenser.

Ein årleg plan for det arbeidet som skal utførast vert sett opp etter samtale mellom instituttleiar og førsteamanuensis/førstelektor, i samsvar med universitetet sine retningslinjer for arbeidsplanlegging.

Kompetanseutvikling

UiS forventar at alle vitskapeleg tilsette driv kontinuerlig kompetanseheving av eiga undervisnings- og forskingsverksemd.

Førsteamanuensis/førstelektor skal det første året delta på universitetet sitt kollegabaserte rettleiingsprogram, NyTi.

Førsteamanuensis/førstelektor som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, må delta på universitetspedagogisk kurs innan to år frå tiltreding.

Undervisningspråket er norsk. Den som vert tilsett må meistre dei to målformene nynorsk og bokmål.

Førsteamanuensis/førstelektor kan søkja forskingstermin med lønn i samsvar med universitetet sine «Retningslinjer for tildeling av forskingstermin».

Førsteamanuensis/førstelektor kan søkje kvalifikasjonsopprykk til professor/dosent i samsvar med Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger § 2-2/ § 2-3.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS