Stilling:

Professor / fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap

Søknadsfrist 17. mars 2019

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 12.000 studentar og 1.700 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.


Institutt for kultur- og språkvitskap, som er en del av Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, har ansvar for universitetets nye lektorutdanning for 8-13 trinn og praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet tilbyr og utdanningar innanfor nordisk, engelsk, religion og historie samt mastergradsutdanningar i historiedidaktikk, lesevitenskap og Literacy Studies. I samarbeid med andre einingar ved fakultetet gis det tilbud om doktorgradsutdanning i lesevitenskap/Literacy Studies. Det er i dag 70 tilsette og 890 studentar ved instituttet.

Søknadsfrist 17.03.2019

Universitetet i Stavanger søkjer etter professor/fyrsteamanensis i nordisk språkvitskap ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Institutt for kultur- og språkvitskap. Stillinga er ledig frå 01.01.2020.

Arbeidsoppgåver og fagmiljø

Fagområdet for stillinga er nordisk språkvitskap. Innanfor fagfeltet kan fleire kompetanseområde vera ynskjelege, men instituttet søkjer særleg etter kandidatar med kompetanse innanfor kjerneområde i faget: grammatikk (fonologi, morfologi, syntaks, semantikk), språkhistorie, namnegransking, talemål (dialektologi og sosiolingvistikk) og tekstlingvistikk. Stillinga omfattar undervisning innanfor fleire av desse områda, og instituttet ynskjer kandidatar med god fagleg breidd i tillegg til djupn i profilen sin.

Forskinga ved fakultetet er organisert i programområde for forsking og i mindre forskargrupper. Me forventar at den som vert tilsett, tek aktivt del i programområde eller forskargrupper. Me forventar òg at ein er med på å søkja om eksterne midlar til forsking. Instituttet har mellom anna ansvar for lærarutdanning for 8.–13. trinn (lektorprogrammet), og den som vert tilsett, kan pårekna undervisning og rettleiing både på grunnivå, masternivå og Ph.d.-nivå. Digitalisering i undervisning er eit satsingsområde.

Som professor eller fyrsteamanuensis vil du hovudsakleg undervisa og rettleia studentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå innanfor nordisk språkvitskap, forska og formidla forskingsresultat innanfor relevante forskingsområde ved instituttet, i tillegg til å bidra til utvikling av samarbeid med arbeidslivet. Du vil også leia utvikling og bruk av varierte og digitale læringsmåtar i undervisninga, innovasjon og verdiskaping basert på resultat frå forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid. Stillingsomtala gir ei nærmare forklaring av fagområde og aktuelle oppgåver for professor og fyrsteamanuensis.

Kompetansekrav

Vi søkjer etter professor/fyrsteamanuensis med vitskapleg kompetanse på høgt nivå i samsvar med etablerte standardar innanfor fagområdet. Søkjarar med spesialisering innanfor grammatikk, språkhistorie, namnegransking, talemål og tekstlingvistikk vert føretrekte, men søkjarar med spesialisering innanfor nærliggjande område kan også vera aktuelle kandidatar. Nyare publisering og potensiale for framtidig forsking/kunstnarleg utvikling på høgt akademisk nivå innanfor fagområdet vert det lagt vekt på.

Den mest aktuelle søkjaren vert tilsett som fyrsteamanuensis eller professor alt etter kompetanse. For å verta tilsett som fyrsteamanuensis må ein ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innanfor nordisk språkvitskap eller anna relevant fagområde. For å verta tilsett som professor må ein dokumentera ein forskingsinnsats som i kvalitet, djupn og omfang svarar til to doktorgradar på ulike felt som er relevante for stillinga. Ein med professorkompetanse vil normalt verta prioritert framfor nokon med fyrsteamanuensiskompetanse. I tillegg til vitskaplege kvalifikasjonar vil det verta lagt vekt på relevant røynsle frå undervisning og anna formidlingsverksemd. I vurderinga av dei innsende arbeida vil vitskapleg kvalitet og originalitet leggjast vekt på framfor omfang.

Du må kunna dokumentera pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning eller gjennomføra universitetspedagogisk kurs innan ein periode på to år frå tiltreding. Universitetet vil tilby kurset.

Søknaden bør innehalda ein refleksjon over eigen undervisningskompetanse. Bruk av varierte undervisningsmetodar er eit satsingsområde for universitetet. Den som vert tilsett, må vera innstilt på å ta i bruk ulike metodar og ulike digitale læringsressursar.

Vidare vert det lagt vekt på at du har:

  • Evne til å inspirera kollegaer til forsking, kunstnarleg og utdanningsfagleg utvikling.
  • Erfaring med og evne til å initiera, skaffa ekstern finansiering til, leia og gjennomføra større forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Formidla forskingsresultat i anerkjende norske og internasjonale publiseringskanalar, og at du kan visa til progresjon i forsking og publisering.
  • Ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid.
  • Evne til å involvera og engasjera studentane i undervisning der utdanninga sine mål, innhald og vurderingssituasjonar heng nøye saman.
  • Erfaring med og/eller interesse for utvikling og bruk av varierte læringsmåtar og digitale reiskapar i undervisninga.
  • Erfaring frå samarbeid med arbeidslivet.
  • Erfaring med relevante internasjonale forskingsnettverk og evne til å byggja og ivareta nettverk – regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • Erfaring med nyskaping, innovasjon og kommersialisering av forsking.
  • Høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og motivert for å utvikla ny kunnskap saman med andre.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø.

Undervisningsspråket vil normalt vera norsk. Den som vert tilsett, må meistra norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg. Meir spesifikk kompetanse i norsk (bokmål og nynorsk) vil verta vektlagt. Den som vert tilsett, må òg vera førebudd på å gje undervisning på engelsk.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med tilstrekkeleg vitskapleg kompetanse, kan det verta aktuelt å tilsetja midlertidig for inntil tre år med sikte på kvalifisering og fast tilsetjing. Søkjar må ha føresetnader for å skaffa seg nødvendige kvalifikasjonar i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i ein stor, spanande og samfunnsviktig organisasjon.
  • Eit ambisiøst arbeidsfellesskap i positiv utvikling. Vi arbeider for å inkludera tilsette på alle nivå i strategiske avgjersler, fremja ein uformell atmosfære og ein flat organisasjonsstruktur.
  • Kollegabasert rettleiingsprogram det fyrste året du underviser ved UiS, NyTi.
  • Lønn etter statens lønnsregulativ, professor, l.pl 17.510, kode 1013, kr 695.500-802.600 bto. pr år, fyrsteamanuensis kode 1011, kr 586.500 - 646.700 pr år. I særskilde tilfelle kan høgare lønn verta vurdert.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjonsrettar.
  • Gunstig medlemskap på treningssenter og bedriftsidrettslag.
  • Tilsetjing i ei bedrift som er oppteken av å redusera sjukefråværet, auka delen med redusert arbeidsevne og auka yrkesaktiviteten for eldre arbeidstakarar.
  • Heim-jobb-heim, kollektivtransport til og frå jobb til gunstig pris.

Generell informasjon

Søknaden din vil verta vurdert av ein sakkunnig komité. Hovudvekta i den sakkunnige vurderinga vert lagd på bedømming av innsende vitskaplege arbeid/dokumentert kunstnarleg verksemd og dokumentert undervisningskompetanse. Erfaring frå popularisering/formidlingsverksemd, fagpolitisk og fagadministrativt arbeid og eventuelt andre dokumenterte kvalifikasjonar med relevans for stillinga vert også vurdert av dei sakkunnige.

Dersom det melder seg svært mange søkjarar, kan det verta aktuelt å avslå søknader før søknadspapira vert sende til sakkunnig komité for vurdering. Dette vil vera aktuelt for søkjarar som ikkje tilfredsstiller sentrale delar av kompetansekrava.

På bakgrunn av omsegn frå sakkunnig komité vil aktuelle søkjarar verta innkalla til intervju og prøveundervisning før innstilling vert gitt.

Universitetet vil rekruttera fleire kvinner til professorstillingar innanfor fagområdet. Dersom fleire søkjarar vert vurderte å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ei kvinne verta prioritert framfor ein mann.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett, buset seg slik at vedkommande kan vera til stades ved, og tilgjengeleg for, fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid.

Nærmare opplysningar

Stillingsomtala gir nærmare greie for fagområde og aktuelle arbeidsoppgåver.

Nærmare opplysningar om stillinga får ein ved å venda seg til:

  • Instituttleiar Odd Magne Bakke, tlf 51 83 23 41, e-post odd.m.bakke@uis.no eller til
  • Fyrsteamanensis Andreas Benedikt Jager, tlf 51 83 16 39, e-post benedikt.jager@uis.no

Opplysningar om tilsetjingsprosessen får ein ved å venda seg til HR-rådgivar Camelia Danaei, tlf. 51 83 31 49, e-post camelia.danaei@uis.no

Søknad

Søk stillinga elektronisk via «Søk stillinga» på denne sida. Her vert søknadsbrev, relevant utdanning og erfaring registrerte.

Følgjande dokument vert lasta opp som vedlegg til søknaden, i separate filer:

  • CV med fullstendig oversikt over utdanning og erfaring
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig liste over vitskaplege arbeid og kunstnarleg verksemd.
  • Inntil 10 arbeid som dokumenterer undervisnings- og utdanningsfagleg kompetanse, sjå Retningslinjer for vurdering av undervisningskompetanse
  • Inntil 15 vitskaplege arbeid som er sentrale i forskingsproduksjon din
  • Dokumentasjon på annan aktivitet som skal vurderast forhold til kravet til stillinga.

Dokumentasjonen må vera på eit skandinavisk språk, engelsk eller tysk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før dei vert lasta opp.

Opplysningar og dokumentasjon som det skal takast omsyn til ved vurderinga, må vera registrerte innan utløpet av søknadsfristen. Kontaktinformasjon til tre referansepersonar må ein finna i søknaden eller på førespurnad.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan verta offentleggjorde sjølv om søkjar har bedd om ikkje å verta oppført på offentleg søkjarliste, jf. offentlighetsloven § 25.

Stillingsomtale – professor/fyrsteamanuensis i nordisk språkvitskap

Fagområde

Fagområdet for stillinga er nordisk språkvitskap.

Organisatorisk plassering

Tilsetjinga gjeld generelt ved Universitetet i Stavanger. Stillinga er organisatorisk plassert ved

Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, Institutt for kultur- og språkvitskap. Informasjon om eininga kan ein finna på nettsidene våre. Professor/fyrsteamanuensis vil kunna delta i forskingsfellesskap på tvers av organisatoriske einingar.

Aktuelle oppgåver

Professor/fyrsteamanuensis skal saman med det andre vitskaplege personalet ivareta:

Utdanning

  • Bidra til utvikling av hovudsakleg master- og doktorgradsprogram, men også studieprogram på lågare grads nivå, med høg fagleg internasjonal kvalitet
  • Vidareutvikla og styrkja dei faglege omdøma til utdanningsprogramma gjennom å gi undervisning og rettleiing av høg kvalitet, hovudsakleg på master- og doktorgradsnivå, men også på lågare grads nivå
  • Bidra i og utvikla aktuelle etter- og vidareutdanningstilbod
  • Ivareta rettleiingsansvar for doktorgradskandidatar og postdoktorar
  • Leggja til rette for læringa til studentane i tråd med læringsmåla til studieprogramma
  • Driva pedagogisk utvikling og læremiddelproduksjon
  • Inngå i kontinuerlege kompetansehevingsprosessar knytte til undervisning og rettleiing
  • Bidra ved utvikling av nye undervisningsmetodar og bruk av ulike digitale læringsressursar
  • Gjennomføra studentevalueringar og driva kontinuerleg utvikling av kvaliteten til utdanninga

Forsking, kunstnarleg utvikling og innovasjon

  • Bidra til utvikling av fagmiljøet, under dette auka forskingsproduksjon/kunstnarleg utvikling
  • Forska, driva fagleg og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • Initiera, skaffa ekstern finansiering til, leia og gjennomføra større forskings- og utviklingsprosjekt
  • Driva anvendeleg næringsretta, praksisnær profesjonsretta og/eller samfunnsrelevant forsking, også på oppdrag frå, og i samarbeid med samfunns- og arbeidsliv
  • Delta i forskingsfellesskap frå universitetet – programområde eller forskargrupper
  • Bidra til innovasjon og verdiskaping basert på resultat frå forsking, fagleg- og kunstnarleg utviklingsarbeid
  • Involvera studentane i entreprenørskapsaktivitetar og bidra til å utvikla entreprenørskapskompetansen deira
  • Vidareutvikla nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid

Formidling og samfunnskontakt

  • Formidla forskingsresultat i norske og internasjonale publiseringskanalar
  • Drive populærvitskapleg formidling
  • Bidra i fagleg anerkjende konferansar, nasjonalt og internasjonalt
  • Delta i fag- og samfunnsdebatten
  • Bidra til utvikling av samarbeid med samfunns-, kultur- og arbeidsliv
  • Byggja og ivareta eit breitt nettverk med privat og offentleg sektor, nasjonalt og internasjonalt

Administrasjon

  • Delta i fagstrategisk arbeid og ved å utarbeida nye undervisningsemne/fagfelt
  • Leggja til rette for eksamen, delta ved sensur og evaluera doktorgradsprosjekt
  • Delta og gjerne leia sakkunnige komitear og interne vurderingskomitear
  • Ta vare på verv i nasjonalt og internasjonale komitear og dessutan i råd og utval ved UiS

Det vert forventa at den som blir tilsett, støttar opp om og deltek i dei andre aktivitetane ved fakultetet og kan ta på seg oppgåver på tvers av institutt- og fakultetsgrenser.

Ein årleg plan for det arbeidet som skal utførast, vert sett opp etter samtale mellom instituttleiar og tilsett, dette i samsvar med universitetet sine retningslinjer for arbeidsplanlegging.

Kompetanseutvikling

UiS forventar at alle vitskapleg tilsette driv kontinuerleg kompetanseheving av eiga undervisnings- og forskingsverksemd.

Professor/fyrsteamanuensis skal det fyrste året delta på universitetet sitt kollegabaserte rettleiingsprogram, NyTi.

Professor/fyrsteamanuensis som ikkje kan dokumentera tilstrekkeleg pedagogisk og didaktisk kompetanse knytt til høgare utdanning, må delta på universitetspedagogisk kurs innan to år frå tiltreding.

Professor/fyrsteamanuensis kan søkja forskingstermin med lønn i samsvar med universitetet sine «Retningslinjer for tildeling av forskingstermin».

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS