LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i vitskapsteori

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som førsteamanuensis i vitskapsteori.

Institutt for klinisk psykologi har ansvar for forsking og undervisning innanfor kjerneområda i profesjonell psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt i helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert, psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar.

Fakultetet driv fire poliklinikkar som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Tre av klinikkane er knytte til Institutt for klinisk psykologi. Klinikkane samarbeider med Helse Bergen om tilvising av pasientar og rettleiingsressursar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til undervising og forsking/fagutvikling innan helse- og sosialprofesjonane sin vitskapsteori, inkludert psykologi som vitskap og profesjonsfag. Undervisninga vil rette seg inn mot fleire av fakultetet sine institutt og program.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • emneansvar for vitskapsteori på profesjonsprogrammet i psykologi
  • emneansvar for og undervisning i vitskapsteori på ph.d.-nivå ved fakultetet sitt forskarutdanningsprogram
  • undervising i vitskapsteori på fakultetet sitt masterprogram, inkludert logopedioppgåverettleiing og sensur på undervisningsemne innan vitskapsteori
  • komitéarbeid for institutt og fakultet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kompetansekrav for tilsetting i stilling som førsteamanuensis går fram av Forskrift om tilsetting og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar § 1-4.

  • Søkjar må på søknadstidspunktet ha doktorgrad i psykologi, annan helse- og sosialprofesjon, eller vitskapsteori
  • Søkjar må kunne undervise på ph.d.-nivå i vitskapsteori ved fakultetet si forskarutdanning
  • Søkjar må kunne undervise på profesjonsprogrammet i psykologi ut frå psykologifaget sine vitskapsteoretiske forankringar, i samsvar med forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning, kapittel 2
  • Søkjar må kunne undervise i vitskapsteori på fakultetet sitt masterprogram
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon innan en relevant helse- eller sosialprofesjon, eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Søkjar må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • Det er ynskeleg med erfaring frå prosjektleiing og forskingsrettleiing
  • Den som vert tilsett i stillinga må knyte seg til ei av forskingsgruppene ved fakultetet
  • Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstartsdato
  • Stillinga er knytt opp mot den til ei kvar tid gjeldande studieplan

Universitetet i Bergen understrekar at ein skal leggje vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar:

  • Det er krav om grunnleggande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå, konkretisert ved at følgjande skal dokumenterast på bakgrunn av eiga undervising/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning:
    • grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing
    • evne til å reflektere over eiga rolle, og diskutere og grunngje eigne val i planlegging, gjennomføring og utvikling av undervisning og rettleiing
  • Døme på dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse:
    • Gjennomførte kurs i universitetspedagogisk basiskompetanse eller tilsvarande
    • Planlegging og gjennomføring av undervising med utgangspunkt i emnet sine skildringar av læringsutbyte
    • Forskingsrettleiing på ulike nivå
    • Utprøving av ulike former for vurdering, læring og undervising, inkludert digitale, for å auke læringsutbytet til studentane
    • Evne til å grunngje eige lærings- og kunnskapssyn og reflektere kring eiga lærarrolle
    • Innhenting og bruk av tilbakemeldingar frå studentar, kollegaer og samfunnet for å utvikle undervisings- og læringsprosessar
    • Evne til å analysere, utarbeide og vidareutvikle emneskildring og studieprogram

Meir om dette finn du her. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Førsteamanuensis får løn etter lønstrinn 68-74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr 618 600-694 400.
  • Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her eller i liste ovanfor.
  • Liste over vitskaplege arbeid du vil at det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid du vil at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt ti)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør førre kulepunkt.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjon og dei vedlegg som er lagt inn i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS