Stilling:

Førsteamanuensis ved Sosiologisk institutt

Søknadsfrist 28.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om det Samfunnsvitskaplege fakultetet og Sosiologisk institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Sosiologisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i sosiologi.

Sosiologisk institutt - som ligg i kulturbyen Bergen med nærleik til vakker natur - tilbyr eit spennande miljø for forsking og utdanning i sosiologi. Det høyrer til Det samfunnsvitskaplege fakultetet og er del av eit stort samfunnsvitskapleg miljø som og omfattar samarbeid med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har eit omfattande undervisningsansvar som inkluderer eit årsstudium, eit bachelor- og masterprogram, samt eit doktorgradsprogram. Arbeidet ved instituttet bygger på lange forskingstradisjonar og representerer i dag ein brei forskingsprofil som består av følgjande tre område:

  • Velferd, ulikskap og livsløp
  • Migrasjon, integrering og mobilitet
  • Arbeid, klasse og utdanning

Dei som blir tilsett skal delta i instituttet sitt forskings- og undervisningsarbeid, og aktivt medverka i instituttet sitt arbeid for å styrke eksternt finansiert forsking. Det er ønskeleg at dei som vert tilsett bidrar til eit eller fleire av instituttet sine forskingsprofilar- og interesseområde. Dei må også vere villige til å ta på seg administrative oppgåver og leiarfunksjonar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Ansvar for undervisning og forsking innan sosiologi
  • Arbeid med videreutvikling av fagområde og undervisning
  • Ivareta instituttets faglege ansvar saman med dei andre vitskapleg tilsette
  • Ansvar for administrative oppgåver
  • Rettleie bachelor-,master- og doktorgradskandidatar
  • Eksamensarbeid på alle nivå
  • Delta i instituttets fagstrategiske arbeid
  • Rett og plikt til å drive forsking innan eige spesialområde
  • Ansvar for å søke eksterne midlar til forskingsprosjekt

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse i sosiologi.
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit internasjonalt nivå innan faget.
  • Ved vurdering av vitskaplege publikasjonar vil forskinga frå dei siste 5 åra verta tillagt særleg vekt.
  • Det vert venta at søkjarane har god progresjon i forsking og publisering, og klare forskings- og publiseringsplanar.
  • Dei som vert tilsette må kunne medverke til undervisning både på høgare og lågare grads nivå i sosiologi. Undervisningserfaring skal dokumenterast. Ansvar for, planlegging og gjennomføring av undervisning, samt rettleiing og sensur skal vektleggast. Utvikling av undervisningsmateriale er meritterande.
  • I vurdering av søkjarane vil det verta lagt vekt på administrativ erfaring samt evne til å presentere forsking for eit breiare publikum.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Dei som vert tilsette vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett kan bidra til breidda i instituttets undervisningstilbod og er personleg eigna for stillinga. Det er forventa at den som vert tilsett forpliktar seg til å bu og arbeide i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 68-75 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 607 700 - 695 500 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som syner motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar
  • Undervising portfolio: Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigen utvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfristen er sett til 28. februar 2019

Søknaden skal merkast med saksnr: 18/14283

Generell informasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Liv Johanne Syltevik

Praktiske spørsmål omkring søknadsprosessen kan rettast til rådgjevar HR Even Michal Endresen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS