Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap

Søknadsfrist: 18.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis innan administrasjon og organisasjonsvitskap ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Universitetet i Bergen.

Instituttet har ein profil som eit statsvitskapleg fag basert på i organisasjonsfagleg tilnærming til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Søkjarar til stillingane blir rådde til å orientere seg om undervisningstilbodet og forskingsprofilen ved instituttet, sjå: http://www.uib.no/admorg

Vi søkjer dedikerte forskarar, rettleiarar og undervisarar med gode samarbeidsevner som kan styrke forskinga og undervisningsprogramma ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Vi vil leggje vekt på at dei som blir tilsette er personleg eigna for stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad i statsvitskap eller eit anna samfunnsfag, med relevans for instituttet sin faglege profil.
  • Søkjarar må ha vist evne til systematisk publisering av forskingsresultat utover doktorgrad på høgt internasjonalt nivå.
  • God dokumentert progresjon i forsking og publisering og klare planar for framtidig forsking og publisering er ønskjeleg.
  • Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet vil forskinga frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
  • Erfaring med å utvikle, administrere og drive større eksternt finansierte forskingsprosjekt er ønskjeleg.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Instituttet har og eit internasjonalt MPA-program der undervisningsspråket er engelsk.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 68-75 (17.510/kode 1011/LR 24) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på NOK 607 700.- til 695 500.- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagd forskingsaktivitet framover
  • CV
  • Inntil 5 vitskaplege arbeid med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt.
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar
  • Undervisingsportefolio. Ei samla framstilling som synar di erfaring innan undervising og rettleiing. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisingsmateriell, evalueringsrapportar og mottekne undervisningsprisar.
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attestar
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i www.jobbnorge.no.

Søknadsfrist: 18. juni 2019

Søknaden skal merkast: 19/1934

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Jacob Aars: jacob.aars@uib.no, tlf: +47 5558 2045
  • Rådgjevar - HR Even Michal Endresen: even.endresen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS