Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (medisinsk statistikk)

Søknadsfrist: 13.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis (50 %)

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisinsk statistikk. Stillinga skal styrke undervising, kompetanse på prosjektstøtte og forsking innan faget medisinsk statistikk.

Stillinga skal vere knytt til Fagområde for epidemiologi og medisinsk statistikk (EPISTAT) ved instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Initiere og leia forsking, drive forskingsrettleiing, delta i undervisning av studentar og eksamensarbeid, og ta på seg administrative oppgåver etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar.
  • Utvikle medisinsk statistikk som prosjektstøtte- og rettleiingsfag
  • BIOS, kjernefasiliteten for biostatistikk og dataanalyse, som er knytt til instituttet organiserer ein rettleiingsteneste for forskarar som stillinga må delta i. Det kan verte aktuelt for den som får stillinga å ha få fagleg og strategisk ansvar for BIOS
  • Nytte moderne statistiske metodar innan medisinsk eller helsefagleg forsking.
  • Undervise studentar på profesjonsstudia i medisin og odontologi, dei andre studieprogramma ved fakultetet, og i forskaropplæringa.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må ha mastergrad i statistikk eller tilsvarande matematiske og teknisk retta fag, og relevant doktorgrad. Personer med annen mastergrad, men med doktorgrad innanfor statistikk kan også vurderast.
  • Den som vert tilsett skal undervise i kurs innan medisinsk statistikk, og erfaring med undervising og utvikling av undervisningsopplegg vil verte vektlagt
  • Bred erfaring med kunnskap om statistisk prosjektstøtte og -rettleiing
  • Gode kunnskapar om moderne statistiske metodar i medisinsk forsking
  • Bred forskingserfaring med bruk av statistiske metodar i medisin
  • Evne til å initiere og leia forsking, og å drive forskingsrettleiing
  • Beherske R, Stata eller tilsvarande både for forsking og undervising
  • Søkjar bør ha evne og vilje til å nytta studentaktiverande læringsformar.
  • Pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner http://www.uib.no/med/65433/ledige-stillinger. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. Søkjar bør ha strategiske planer for arbeidet i stillinga. Det er også ønskjeleg at stillinga kombinerast med anna relevant arbeid som gjer strategisk synergi for instituttet.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66-72 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-667 200. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar Guri Rørtveit, telefon +47 55 58 61 41 og e-post Guri.Rortveit@uib.no
  • Leiar for Undervisningsgruppe for medisinsk statistikk Øystein Ariansen Haaland, telefon +47 55 58 61 24 og e-post Oystein.Haaland@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS