Stilling:

Førsteamanuensis II innan plastproblematikk – inntil to stillingar på åremål (20 %)

Søknadsfrist 22.02.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis II innan plastproblematikk – inntil to stillingar på åremål (20 %)

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig inntil to stillingar som førsteamanuensis II innan plastproblematikk (20 %). Stillingane er for ein åremålsperiode på 3 år og vil bli knytt til eitt av våre sju institutt, avhengig av kvalifikasjonane og interessene til den som blir tilsett.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Gåsenebbkvalen som vart funne i 2017 med magen full av plastposar, var i 2017 med på å setje problema med plast på den internasjonale dagsorden. Med det store engasjementet kjem også eit behov for å få fram forskingsbasert kunnskap om produksjon, spreiing og effektar av ulike typar og storleikar av plast. Alternativ til bruk av plast kan også vere eit aktuelt forskingstema.

Stillingane er ein del av den marine satsinga ved UiB. Den som vert tilsett, skal først og fremst knyte plastproblematikk saman med eksisterande forsking og undervisning i realfaga. Den som søkjer, må sjølv foreslå kva institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet han/ho vil knyte seg til og kva forskingstema ein ynskjer å arbeide innanfor.

UiB har ein ambisjon om å vere leiande på marin forsking og også delta i forskingsbasert problemløysing.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan eit relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse.
  • Erfaring frå forsking på plast er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Evne til å innhente eksterne forskingsmidlar vert vektlagt.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 66–74 (kode 1011/LR 24.10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr 586 500 – 682 200 i 100 % stilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer eventuell pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • kontaktinformasjon på tre referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Marin direktør ved UiB Amund Måge, e-post: amund.maage@uib.no / tlf. 950 25 505 eller til
  • Forskingskoordinator Kari Nordvik, e-post kari.nordvik@uib.no / tlf. 936 46 533

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS