Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i rettsvitskap (forvaltningsrett)

Søknadsfrist: 09.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland,

Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her.

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i rettsvitskap med kompetanse i forvaltningsrett.

Ved fakultetet blir det undervist til graden master i rettsvitskap og ph.d.-graden.Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Normalt vil nærare 50 % av arbeidstida vere sett av til forsking og forskingsrelatert verksemd, og nærare 50 % av arbeidstida til undervisning og undervisningsrelatert verksemd (m.a. rettleiing og eksamen) og resten til administrativ verksemd.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For å bli tilsett, må søkjaren ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning og norsk doktorgrad i rettsvitskap eller tilsvarande rettsvitskapleg kompetanse.

Søkjarar må dokumentere generell rettsvitskapleg kompetanse. Minst eitt arbeid må gje ein djuptgåande analyse med grunnlag i norske rettskjelder, eller som frå folkerettslege eller andre internasjonale rettskjelder kastar lys over spørsmål av betydning for norsk rett.

Det vil òg bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Søkjarane må ha gode samarbeidseigenskapar og vise evne og motivasjon til å bidra til oppbygginga av eit godt fagmiljø i forvaltningsrett ved fakultetet. I søknaden skal søkjaren gjere greie for måla sine for forskingsaktiviteten og mulige bidrag til fagmiljøet i forvaltningsrett ved fakultetet.

Ein sakkunnig komité skal vurdere søkjarane sine kvalifikasjonar. I vurderinga vil hovudvekta bli lagt på dei innleverte vitskaplege arbeida og kompetanse i forvaltningsrett. Det vil vidare bli lagt vekt på om søkjaren har kompetanse til å undervise i fleire fag innafor fakultetet sitt masterstudium i rettsvitskap.

Det vil bli lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar, erfaring med undervisning som byggjer på problembasert læring, erfaring frå populærvitskapleg formidling, relevant praksis, fagpolitisk og administrativt arbeid. Vi viser elles til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse, kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

Den som blir tilsett, må vere villig til å engasjere seg i utviklingsarbeidet innan sitt eige fag og for universitetet som heilskap.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Løn etter lønssteg 72 - 77 i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 658 300 - 731 400 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Krav til søknad:

Søknad og vedlegg skal sendast elektronisk via JobbNorge.

Søkjarar må oppgje dei arbeida eller delar av arbeida som det skal leggjast særleg vekt på ved vurderinga. Desse bør ikkje vere fleire enn 10.

Dersom søkjaren har vitskaplege arbeid som ikkje kan sendast elektronisk på grunn av format eller storleik, kan dei sendast per post (i alt 3 eksemplar/sortert i 3 like bunkar) saman med ei liste over desse til Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet, Postboks 7806, 5020 Bergen innan søknadsfristen.

Dei vitskaplege arbeida og vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege arbeid på andre språk kan godkjennast etter særskild søknad innan søknadsfristen. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må sendast fakultetet innan søknadsfristen.

Innleverte vitskaplege arbeid blir ikkje returnert med mindre søkjaren ber om dette i søknaden.

Søknaden må dessutan innehalde namn og kontaktopplysningar til referanse som kan stadfeste korleis søkjaren fungerer i undervisningssamanheng.

Det vil bli nytta intervju, og det kan bli nytta prøveforelesing i tilsettingsprosessen.

Det blir elles vist til rettleiing for søkjarar på webadresse:

https://www.uib.no/jur/om-fakultetet/reglement-og-retningslinjer.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Karl Harald Søvig, e-post: karl.sovig@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS