Stilling:

Førsteamanuensis i rein matematikk – vikariat

Søknadsfrist 15. januar 2019

Ved Matematisk institutt (http://www.uib.no/math) er det ledig eit vikariat for 2 år som førsteamanuensis i rein matematikk, frå august 2019.

Matematisk institutt er eit internasjonalt retta og dynamisk miljø med sterkt fokus på grunnforsking. Instituttet har for tida 31 faste vitskaplege stillingar, som fordeler seg med 8 i rein matematikk, 4 i matematikkdidaktikk, 14 i anvend og utrekningsorientert matematikk og 5 i statistikk.

Innan rein matematikk har instituttet forskingsgrupper i algebra (inkludert strukturelle metodar i utrekningsorientert), algebraisk geometri, analyse & PDE og topologi.

Arbeidsoppgåver og forskingsområde

Vi søkjer ein person med sterk forskingsbakgrunn i minst eitt av felta frå matematikk nemnde over. Arbeidsoppgåver vil inkludere forsking og undervisning i matematikk. Rettleiing på masteroppgåver kan òg verta aktuelt. Instituttet legg stor vekt på god undervisning, og det vil vere ein føremon å kunne undervise eit breitt utval av emne innan rein matematikk på ulike nivå, inkludert grunnkurs.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad i matematikk eller tilsvarande kompetanse.
  • Søkjarar må ha erfaring med forsking i matematikk, i minst eitt av felta nemnde over. Det vil bli lagt særleg vekt på forskingsresultat oppnådd dei siste 5 år.
  • Erfaring med undervisning og evne til å undervise eit breitt utval av emne innan rein matematikk, er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag, både som leiar og deltakar.
  • Søkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Kunnskap i norsk, skriftlig og munnleg, er ein føremon.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74(kode 1011/LR 24.10). Dette utgjer ei årsløn på kr 586 500 – 682 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  • Søknaden skal innehalde:
  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS