Stilling:

Førsteamanuensis i psykologi, sorgforsking

Søknadsfrist 31.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100 % stilling som førsteamanuensis i psykologi med innretning mot sorgforsking.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om prosjektutvikling og forsking retta mot utvikling, diagnostikk, førebygging og behandling av komplisert sorg hos barn og vaksne.
  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om prosjektutvikling og forsking retta mot forståing av sorg i eit samfunnsperspektiv – sorg som rammer lokalsamfunn i forbindelse med drap, ulykker og katastrofar.
  • Ta aktivt del i arbeidet med å utvikle nye søknader om eksterne finansiering av forsking frå NFR, helseforetak, EU og andre finansieringskjelder
  • Ta del i formidling og fagleg administrativt arbeid ved senteret.
  • Rettleiing av studentstipend, stipendiatar og forskarar innan eige fagområde.
  • Undervisning og rettleiing av studentar som skriv master- eller hovudoppgåver ved senteret.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunkt ha doktorgrad i psykologi eller helsefag.
  • Det blir lagt vekt på om søkjar har erfaring med prosjektutvikling og søknadsprosessar til Norges forskingsråd, EU eller andre finansieringskjelder.
  • Erfaring frå undervisning og rettleiing av bachelor- og masteroppgåver.
  • Erfaring frå forskingsadministrativt arbeid som for eksempel bedømming eller fagfellevurdering.
  • Erfaring frå undervisning, fagformidling og populærvitskapeleg formidling.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
  • Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førsteamanuensis etter lønssteg 64-70 (kode 1011/LR24, alt. 8-10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida kroner 565 100 – 631 300. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar.
  • Fullstendig publikasjonsliste.
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar.
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10).

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf. siste kulepunkt).

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleder Jarle Eid, e-post: jarle.eid@uib.no,Tlf: 55 58 9188

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS