Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i pedagogikk

Søknadsfrist: 20.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i pedagogikk knytt til bachelor- og masterprogramma i pedagogikk, og/eller programma for pedagogikk i lærarutdanninga.

I årsstudiet, og MA/BA i pedagogikk blir utdanning og ulike kunnskapsprosessar sin plass i samfunnet sine institusjonar og organisasjonar undersøkt. Faglege spørsmål blir diskutert med utgangspunkt i kritiske, diskursive, sosiokulturelle, historiske og filosofiske perspektiv. I lærarutdanninga jobbar ein i dag med å imøtekomme regjeringas strategi for lærarutdanning 2025, med stor vekt på profesjonsorientering.

Institutt for pedagogikk har per i dag sju forskingsgrupper, og kan tilby eit dynamisk og fagleg utfordrande miljø for forsking. Vi jobbar aktivt med å styrkje forskingsaktiviteten ved instituttet, spesielt med omsyn til internasjonalisering, publisering og søknadsskriving, og ynskjer at personen som blir tilsett skal bidra til dette.

I løpet av tilsetjingsprosessen vil det i samråd med søkjar bli vurdert om undervisninga skal knytast til årsstudiet/BA/MA programma i pedagogikk eller i programma for pedagogikk i lærarutdanninga.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • bidra til forskingsfronten innan pedagogikkfaget gjennom aktiv deltaking i ei av instituttet sine forskingsgrupper
  • initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering
  • undervise på årsstudiet i pedagogikk samt bachelor- og masterprogramma i pedagogikk, og/eller på programma for pedagogikk i lærarutdanninga
  • samarbeide og ta del i teamarbeid retta mot fagutvikling og forsking som støttar opp om studieprogramma sin profil
  • samarbeide om studiekvalitet og evaluering av det studieprogrammet ein vert knytt til
  • rettleiing og opplæring av doktorgradskandidatar
  • ta del i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha doktorgrad i pedagogikk eller doktorgrad i eit fagområde med relevans for pedagogikk
  • søkjarar må kunne dokumentere forsking innanfor område med tema av relevans for pedagogikk i minst eitt av dei aktuelle utdanningsprogramma
  • det vil telje positivt om søkjaren har tatt del i internasjonale nettverk, og har internasjonal publisering på høgt nivå
  • det vil telje positivt om søkjaren har erfaring med, og eventuelt fått gjennomslag på, søknadar om forskingsmidlar
  • søkjarar må kunne dokumentere undervisningskompetanse på universitetsnivå, innafor område med tema av relevans for dei aktuelle studieprogramma - slik det kjem fram i skildringar av emne og studieprogram
  • søkjarar må kunne vise god evne til fagleg formidling
  • erfaring med digital læring og studentaktive læringsformer i høgare utdanning vil vere ein føremon
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt

Undervisingsspråket er til vanleg norsk, men fagmiljøet har også eitt engelskspråkleg emne. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjing.

Det vil bli gjennomført intervju, prøveforelesing og referanseinnhenting i tilsetjingsprosessen. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24 alt. 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 572 700 - 666 800 brutto
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid duvil det skal takast omsyn til ved vurderinga må lastas opp i sin heilskap (maks 10)

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Astrid Tolo, instituttleiar/førsteamanuensise-post: astrid.tolo@uib.no tlf.: 47 55584881
  • Line Hilt, stedfortreder /førsteamanuensis e-post: line.hilt@uib.no tlf.: +47 55584845

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS