Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i mineralressursar og petrologi

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan mineralressursar og petrologi.

Instituttet har ei sentral rolle i UiBs satsingsområde klima og energiomstilling. Vi veit at mangel på sjeldne mineraler kan bli ein avgrensande faktor for den teknologiske omstillinga til fornybar energi. Gjennom omfattande forsking er instituttet med på å kartleggje mineralressursar til havs, og vil bidra til bærekraftig utnytting av desse.

Den ledige stillinga er knytt til forskargruppa i Geokjemi og geobiologi, som er samansett av geologar, geokjemikarar, geomikrobiologar, geobiologar og geofysikarar. Forskingsaktiviteten i gruppa er i stor grad knytt til K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking og omfattar tett samarbeid med forskarar frå Institutt for biovitenskap. Senteret har hovudfokus på ultrasakte spreiingsryggar, hydrotermale system, mineralressursar og økosystem i djuphavet, og arrangerer årlege tokt til dei arktiske havområda.

Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang på moderne forskingsfasilitetar, inkludert Bergen Geoanalytiske Fasilitet med ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur samt havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale forskingsfasilitetar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Stillinga er tiltenkt ein aktiv forskar innan mineralressursar og petrologi med interesse for mineralressursar i djuphavet. Deltaking i marine forskingstokt er forventa. I tillegg til forsking skal den tilsette ta del i instituttet sitt undervisingsprogram både på bachelor- og mastergradsnivå, med undervisning i petrologi, mikroskopi og økonomisk geologi, og rettleiing av studentar på master- og ph.d.-nivå̊. Eit sterkt fokus på studentaktive læringsformer og SoTL (Scholarship of Teaching and Learning) er forventa.

Universitetet sine generelle forskrifter forlangar at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan petrologi og mineralressursar eller relaterte fagfelt.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Søkjarar må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.
  • Kandidaten må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk.
  • Instituttet forventar at den som blir tilsett bidrar aktivt til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011/LR 24.10). Dette utgjer ei årsløn på kr 586 500,- – 682 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si motivasjon for å søkje denne stillinga, dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking, samt søkjaren sin visjon for utviklinga av økonomisk geologi som fagretning ved instituttet (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Ingunn H. Thorseth, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.Thorseth@uib.no, tlf. +47-55583428 / +47-41528683

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS