Stilling:

Førsteamanuensis i medisinske basalfag (50 %)

Søknadsfrist 31.01.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Senter for krisepsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 50 % stilling som førsteamanuensis i medisin med innretning mot medisinske basalfag. Det er vil bli lagt til rette for at stillinga ved senteret kombinerast med stilling i Helse Bergen HF. Den som tilsetjas vil inngå som del av senterets bidrag til det nye forskingssenteret «Bergen Center for Brain Plasticity» (BCBP) som etablerast i regi av Helse Bergen HF med støtte frå, Bergens Forskingsstifting og Kavlifondet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Samarbeide med nasjonale og internasjonale partnarar om forsking på biomedisinske mekanismar og prosessar retta mot effektar av konsentrerte behandlingsformat for behandling av angstlidingar hos barn og vaksne.
  • Bidra til forsking på biomedisinske mekanismar og prosessar ved behandling traumatisk stress i samarbeid med internasjonale forskarar og forskarar knytt til BCBP.
  • Ta del i utdanning, formidling og fagleg administrativt arbeid ved BCBP.
  • Rettleiing av stipendiatar, behandlarar og forskarar ved BCBP.
  • Undervisning og rettleiing av studentar som blir tekne opp i rekrutteringsprogrammet til BCBP.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunkt ha doktorgrad i medisin og minimum tre år erfaring frå forsking med innretning mot medisinska basalfag og radiologi med relevans for psykiske lidingar.
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege og ha på begynt eller fullført spesialitet i radiologi ved søknadstidspunktet.
  • Det vil bli lagt vekt på om søkjar har erfaring frå å anvende avanserte hjerneavbildingsteknikkar som «funksjonell MRI», «MRI spektroskopi» og «Diffusjons-Weighted Imaging» i forsking.
  • Relevant erfaring frå undervisning, rettleiing, formidling og forskingsadministrativt arbeid.
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, men den som blir tilsett bør også ha erfaring i å undervise på engelsk.
  • Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førsteamanuensis etter lønssteg 64-70 (kode 1011/LR24, alt. 8-10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer for tida kroner 565 100 – 631 300. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (jf. siste kulepunkt).

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Senterleder Jarle Eid, e-post: jarle.eid@uib.no, Tlf: 55 58 9188

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS