Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i medisin

Søknadsfrist: 05.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %).

Stillinga er knytt til Dyreavdelinga ved fakultetet og personen som blir tilsett skal ha ansvar for den faglege utviklinga av Dyreavdelinga, og skal også drive forsking knytt til transgene forsøksdyr. Ein forskingsplan for dei komande 5 åra skal leggjast ved søknaden.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Dyreavdelinga er ein av åtte kjernefasilitetar ved Det medisinske fakultet. Fasiliteten yter tenestar til alle forskarar ved UiB som driv med dyreforsøk og har også eksterne brukarar. Personen som vert tilsett vil ha ansvar for ei leiargruppe som inkluderer personar som har ansvar for drift, personale, dyrevelferd, samt undervisning og opplæring av avdelinga sine brukarar. Arbeidet med fagleg utvikling av Dyreavdelinga inneber til dømes etablering av relevante metodar, rådgjeving til brukarar av Dyreavdelinga og opplæring av tilsette i tema som er knytt til transgene dyr.

I denne stillinga er det svært viktig at personen som vert tilsett har god samarbeidsevne, og det vil difor bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og dokumentert evne til samarbeid og leiing. Det vert og lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid.

Personen som vert tilsett kan påleggjast undervisningsplikter i emne som fell inn under instituttet sitt ansvarsområde, inkludert rettleiing av mastergradstudentar og doktorgradskandidatar. Omfanget av pliktarbeidet ved Dyreavdelinga og i anna undervisning skal samla ikkje overskride normalt omfang av undervisningstimar for fast vitskapelege tilsette ved Klinisk institutt 1.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse i relevant fagområde
  • søkjar må ha brei erfaring med utvikling av transgene dyremodellar og høg kompetanse på metodar som vert nytta ved utvikling av transgene dyr
  • det vert lagt stor vekt på evne til å søkje og innhente eksterne midlar
  • det vert lagt stor vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • det vert lagt vekt på undervisningserfaring
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 586 500. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste over samt vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i pdf format
  • ein forskingsplan for dei komande 5 åra skal leggjast ved søknaden
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Instituttleiar ved klinisk institutt 1, Kjell-Morten Myhr (kjell-morten.myhr@uib.no) eller
  • Prodekan for forsking, Marit Bakke (marit.bakke@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS