Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i klimadynamikk - vikariat

Søknadsfrist: 30.05.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i klimadynamikk

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Geofysisk institutt er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis i klimadynamikk for ein periode på 2 år med moglegheit for forlenging.

Om instituttet

Geofysisk institutt ble etablert av norske pionerar i meteorologi og oseanografi og held til i historiske lokale sør på Nygårdshøyden i Bergen. Geofysisk institutt driv undervisning og forsking i meteorologi, oseanografi, biogeokjemi, klima og energi. Instituttet har 19 faste vitskaplege stillingar og 19 teknisk/administrative stillingar. I tillegg har instituttet for tida 15 professor II og førsteamanuensis II-stillingar og til saman om lag 55 ph.d.-studentar, postdoktorar og forskarar knytt til fagmiljøet. Meir informasjon om Geofysisk institutt finn ein på www.uib.no/gfi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Instituttet søkjer etter ein vikar som førsteamanuensis i klimadynamikk med vekt på fysiske eller dynamiske prosessar. Til stillinga ligg ansvar for forsking og undervisning i klimadynamikk med fokus på tropene (monsunsystem, ENSO, Atlantisk Nino). Fjernverknader (teleconnections) mellom klimaet i ulike verdshav eller mellom tropene og høgare bredder er sentrale problemstillingar i tillegg til studiar knytt til storskala naturlege klimavariasjonar på nordlege halvkule. Det er venta at forskinga vil kombinere tolking av observasjonar, teoretiske analysar og numerisk modellering. Det er vidare venta at kandidaten vert ein sentral bidragsytar til styrkinga av forskinga ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd doktorgrad i meteorologi, fysisk oseanografi, anvend matematikk, fysikk eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjarar må kunne dokumentere kompetanse i klimadynamikk
  • Den som vert tilsett må kunne undervise i atmosfærisk klimadynamikk på alle nivå
  • Ein ventar at den som vert tilsett, kan delta i og vidareutvikle instituttet sitt masterprogram i meteorologi og oseanografi, skaffe finansiering og drive forsking i samarbeid med relevante eksterne og interne forskingspartnarar.
  • Søkjarar må kunne definere master- og doktorgradsprosjekt, og dessutan rettleie studentar i desse Vi søkjer ein person som har erfaring, ambisjonar, forskings- og undervisingsplanar innan dette feltet
  • Søkjarar må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og samstundes ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Ved evaluering av søkjarane vil det bli lagt vekt på ei samla vurdering av følgjande (i rangert rekkefølgje):

  • kvalitet og kvantitet i forskingsresultat
  • erfaring med undervisning og rettleiing innan forskingsområdet skildra over samt meteorologi og oseanografi generelt
  • dokumentert vilje og evne til samarbeid

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011/LR 24.10). Dette utgjer ei årsløn på kr 586 500 -682 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, professor Nils Gunnar Kvamstø, Geofysisk institutt, Nils.Kvamsto@uib.no tlf. 55 58 28 98

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS