Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i geomatikk

Søknadsfrist: 25.10.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i geomatikk

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis innan geomatikk.

Om instituttet

Instituttet har ei sentral rolle i UiB sine satsingsområder på marin forsking samt på klima og energiomstilling. Kunnskap om jordsystemet er naudsynt for å vere førebudd på dagens samfunnsutfordringar innanfor tema som klima, energi, geofarer, ressursar og miljø. Eit viktig verktøy for å kvantifisere jorda er geomatikk. Ei målsetjing er å synleggjere dette også for våre studentar i kursporteføljen og styrkje banda til industri og næringsliv gjennom auka satsing på geomatikk i utdanning og forsking.

Den ledige stillinga er knytt til forskargruppa i Kvartærgeologi og paleoklima. Forskargruppa driv paleoklimatisk forsking både marint og terrestrisk og har ansvar for to nasjonale forskingsinfrastrukturar som er sentrale fasilitetar for gruppa sin aktivitet. Vitskapleg tilsette ved instituttet har også tilgang til andre moderne forskingsfasilitetar, inkludert Bergen Geoanalytiske Fasilitet med ei rekkje avanserte laboratorier, kraftig data-infrastruktur samt havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale forskingsfasilitetar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Stillinga er tiltenkt ein aktiv forskar innan geomatikk eller tilgrensande fagfelt med kompetanse og interesse for ulike måtar å skildre og kvantifisere jordas overflate og grunne geologi. Særleg interessant vil det vere med koplingar til anna pågåande forsking ved instituttet til dømes gjennom observasjonar av prosessar fanga opp i ulike geologiske/geofysiske arkiv.

I eit fagfelt med rask teknologisk utvikling er det venta at den som vert tilsett vil initiere forskingsprosjekt som tek i bruk ny teknologi og geomatikk-verktøy (for eksempel LIDAR, dronar, satellittbilete). I tillegg til forsking skal den tilsette ta del i instituttet sitt undervisingsprogram både på bachelor- og mastergradsnivå med undervisning i geomatikk, og rettleiing av studentar på master- og ph.d.-nivå̊. Instituttet har i dag ikkje noko undervisningstilbod i geomatikk og den utlyste stillinga har som undervisingsplikt å byggje opp eit kurs på bachelornivå og eit på masternivå i geomatikk/GIS.

Instituttet forventar at den som blir tilsett bidrar aktivt til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar. Kandidatar som tydleg demonstrerer ein forskingsvisjon og som syner potensiale for samarbeid med eksisterande stab vil ha ei føremon.

Universitetet sine generelle forskrifter forlangar at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/ph.d.-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan geofag.
  • Søkjarar må ha dokumentert kompetanse i geomatikk med relevans for geofagleg forsking og undervising.
  • Søkjarar må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar til eksternfinansiert forskingsaktivitet, og søkjarar bør dokumentere evne til å hente inn ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Utdanningsfaglig kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og den som blir tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt rell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400,- – 691 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si motivasjon for å søkje denne stillinga, dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking, samt søkjaren sin visjon for utviklinga av økonomisk geologi som fagretning ved instituttet (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jostein Bakke, Institutt for geovitenskap, e-post: Jostein.Bakke@uib.no, tlf. +47-555835038 / +47-99273343

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS