Stilling:

Førsteamanuensis i barnevern

Søknadsfrist 19. desember 2018

Ved HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet, er det er ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i barnevern. HEMIL-senteret er eit institutt ved Det psykologiske fakultet som utfører forsking og tilbyr masterprogram innanfor barnevern, helsefremjande arbeid og global utvikling. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre nasjonale og internasjonale institusjonar.

Frå år 2020 vil HEMIL-senteret være ein del av Alrek helseklynge ved Universitetet i Bergen. Helseklynga har som visjon å bli eit internasjonalt kraftsentrum som skal skape innovative helse- og omsorgsløysingar i primærhelsetenestene for heile mennesket, ved hjelp av fremragende forsking og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfagleg samhandling.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved HEMIL-senteret og arbeidsoppgåvene vil i hovudsak verte knytt til undervisning og forsking i barnevern. Stillinga vil være sentral for å auke kunnskapsgrunnlaget og kompetansen innan barnevernet. Ei separat stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre forhold som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga finnast under denne utlysingsteksten.

Kvalifikasjonar:

Søkjar må ha:

  • doktorgrad innan relevant fagområde
  • forskingserfaring innan tema relevant for barnevern
  • kunne undervise i fleire emne innan barnevern generelt eller om barneverntenesta
  • faglig engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet
  • må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ta på seg faglege leiaroppgåver
  • gode kommunikasjon- og samarbeidsevner i relasjonar til både kollegaer og studentar
  • kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjing
  • gode formidlingsevner på engelsk munnleg og skriftleg
  • pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Søkjar bør ha:

  • høg kompetanse innan kvantitative forskingsmetodar
  • erfaring med ulike forskingsmetodar

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 64-74 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8 - 10) etter hovudtariffavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida 565 100 – 681 800 brutto. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapleg arbeide du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Dei vitskaplege arbeida søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10)

Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Aktuelle kandidatar kan pårekna at det vil bli heldt intervju og prøveforelesing i tilsettingsprosessen

Søknadsfrist: 19.12.2018

Merk søknaden: 18/13404

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein hos:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her

STILLINGSOMTALE - FØRSTEAMANUENSIS I BARNEVERN

HEMIL-senteret er et tverrfaglig institutt ved Det psykologiske fakultet. Instituttet utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innanfor helsefremjande arbeid, barnevern, og global utvikling. Instituttet har nært samarbeid med forskarar ved andre nasjonale og internasjonale institusjonar.

Dei vitskapleg tilsette på HEMIL-senteret har ein brei og tverrfagleg bakgrunn frå, barnevern/sosialt arbeid, psykologi, helsefag og samfunnsfag. Vi har for tida 9 førsteamanuensar, 8 professorar og 7 stipendiatar. I tillegg har vi fleire tilsette på ulike forskingsprosjekt og 3 bistillingar. HEMIL-senteret skal i 2020 flytte inn i Alrek helseklynge.

HEMIL-senteret har og ansvar for forskarskulen “Graduate School of Human Interaction and Growth” (Ghig)

Instituttet har følgjande 2-årige masterprogram: Master i barnevern, Master i helsefremjande arbeid, og Master i Global Development Theory and Practice. Den tilsette vil først og fremst vera knytt til masterprogram i barnevern, men det vil også vere aktuelt å undervise på dei andre masterprogramma ved HEMIL-senteret. Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Instituttet har tre forskingsgrupper:

Forskingsgruppa Barnevern, Likestilling og Inkludering (BLI),starta opp i 2013. Forskingsgruppa bidrar til vitskapeleg kunnskap innan dei tematiske områda barnevern, likestilling og inkludering, både gjennom eigen forsking, og samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsmiljø. Mens barnevernet er eit prioritert forskningsområde, omfatter forskningen og sosiokulturelle livsvilkår og handlingsrom samt inkluderings- og ekskluderingsprosessar for ulike samfunnsgrupper. Gruppa har eit særleg fokus på norsk og nordisk kontekst.

Forskingsgruppa Sosial innflytelse på ungdoms atferd og helse (SIPA) er ei tverrfagleg forskingsgruppe som i dei siste tjue åra har utvikla kompetanse i bruk og utvikling av teori og metode i sosial- og utviklingspsykologi innanfor barn og unges helse. SIPA-gruppa freistar å utvikle ny kunnskap om korleis sosiale prosessar påverkar utviklinga av subjektiv helse og helseåtferd blant unge.

Forskingsgruppa Gobal Development for Equity fokuserer på utviklingsrelatert kulturell og tverrkulturell forsking, forsking på ulikheit i helse, på utvikling og helse i sårbare grupper i det Globale Sør, samt forsking på internasjonal helsepolitikk.

Stillinga som førsteamanuensis i barnevern krev en person som har faglig engasjement og interesse for å auke kompetansen innan barnevernsfeltet slik det er omtalt under krav til stillinga. Arbeidsområdet for stillinga omfattar både undervisning på masterprogrammet i barnevern og forsking, i utgangspunktet knytt til forskargruppa Barnevern, Likestilling og Inkludering. Arbeidstida til ein førsteamanuensis er fordelt slik: 46% undervisning, 46% forsking og 8% administrasjon.

Universitetsstyret understreker at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og –nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS