Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis i arbeids- og organisasjonspsykologi

Søknadsfrist 31.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt/sentre.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i arbeids- og organisasjonspsykologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervisning og rettleiing i arbeids- og organisasjonspsykologi, og på andre studieprogram der arbeids- og organisasjonspsykologi inngår
  • Andre undervisningsoppgåver kan òg verte aktuelle
  • Administrative oppgåver, møtedeltaking og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet
  • Samarbeide tett med kollegaer innan fagfeltet og andre ved instituttet
  • Delta i instituttet si forsking innan arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bidra til å utvikle nasjonale og internasjonale forskarnettverk innan arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Initiere og å ta del i søknadsskriving
  • Styrking av praksisprofilen til bachelor- og masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må på søknadstidspunktet ha doktorgrad eller tilsvarande innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Søkjar må ha undervisning- og forskingskompetanse innafor arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Det vil telje positivt med forskingserfaring knytt til fagfelta leiing, team, arbeidsmiljøutvikling og organisasjonsutvikling
  • Det vil telje positivt med erfaring knytt til rolla som internkonsulent, eksternkonsulent eller andre rådgjevingstenester og formidlingsverksemd
  • Det vil telje positivt med erfaring knytt til næringslivskunnskap, administrativ erfaring og leiingskompetanse
  • Det vil telje positivt å ha gjennomført sjølvstendig forsking og publisering i internasjonale tidsskrift også etter fullført doktorgrad
  • Det vil vere ynskjelig med brei kompetanse innan metode
  • Han eller ho må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
  • Han eller ho må ha evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 70 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 565 100 - 631 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden jf. siste kulepunkt.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS