Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin)

Søknadsfrist 02.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Instittutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (allmennmedisin). Arbeidsstad er Kalfarveien 31 i Bergen.

Stillinga skal vere knytt til fagområde for allmennmedisin.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som vert tilsett skal delta i undervisinga i allmennmedisin og rettleie doktorgradskandidatar
  • Den som vert tilsett vil òg bli pålagt å delta i instituttet si generelle undervisning på lågare grad, og i arbeid på instituttet elles
  • Det vert lagt vekt på erfaring med eigne forskingsprosjekt og undervising. Den som vert tilsett skal initiere forsking, publisere forskingsresultat, medverke i søknadar om eksterne midlar, drive forskingsrettleiing, utvikle og delta i undervising av studentar og eksamensarbeid, og ta på seg administrative oppgåver etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar

Søkjarar bør omtale planar for forsking dersom ein vert tilsett i stillinga. Det vil vere ein føremon om planar for forsking er knytt opp mot forsking som fagområdet driv i dag.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha norsk doktorgrad i relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse
  • søkjarar må ha erfaring frå klinisk allmennmedisin og helst vere spesialist i allmennmedisin eller under spesialistutdanning
  • det vil verte lagt vekt på evne til nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • den som vert tilsett må arbeide i klinisk stilling i primærhelsetenesta ved sida av
  • pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing vert tilbode

Den som skal tilsetjast skal arbeide med forsking og undervising som er relevant for fagfeltet allmennmedisin og må kunne dokumentere forsking innan feltet. Vilje til å generere eksterne forskingsmidlar vil verte vektlagt. Det vert og lagt vekt på undervisingserfaring. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. Krav om klinisk stilling ved sida av kan fråvikast i spesielle tilfelle.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 586 500 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden bør innehalde ei kort skisse for forskingsplan for dei komande fem år. Dersom søkjar har erfaring med å innhente eksternfinansiering, er det bra om dette vert spesifisert i søknaden

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste over samt vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 for førsteamanuensis) i pdf format
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar, professor Guri Rørveit, tlf.: 55 58 61 41 eller e-post: Guri.Rortveit@uib.no eller
  • Leiar for fagområde allmennmedisin førsteamanuensis Esperanza Diaz, tlf.: 55 58 61 44, e-post: Esperanza.Diaz@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS