Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (20% bistilling) i klinisk ernæring

Søknadsfrist: 03.11.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i klinisk ernæring i 3 (tre) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved et av Universitetet i Bergen sine samarbeidande helseføretak, til dømes Haukeland Universitetssjukehus eller Haraldsplass Diakonale Sjukehus. Arbeidsstad er ved Senter for ernæring.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som skal tilsetjast skal være emneansvarlig, bidra i undervisning og være rettleiar ved bachelor- og masterutdanninga i ernæring. I tillegg bidra inn i administrative oppgåver knytt til ernæringsstudiet
  • Den som skal tilsetjast skal bidra i forsking ved Senter for ernæring via rettleiing på bachelor-, master- og doktorgradsprosjekt og evt eigne forskingsprosjekt
  • Undervisninga er knytt til bachelorprogrammet i human ernæring og masterprogrammane i klinisk og human ernæring
  • Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad i klinisk ernæring eller tilsvarande kompetanse, og vere autorisert klinisk ernæringsfysiolog
  • det vert lagt vekt på erfaring innan klinisk ernæring frå primær- eller spesialisthelsetenesta, undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå, leiing av forskingsprosjekt eller annen relevant arbeidserfaring, samt dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Pedagogisk basisutdanning/undervisningserfaring er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger . Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
  • må beherske norsk og engelsk munnleg og skrifteleg

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 615 900. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) som pdf
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Professor Jutta Dierkes, tlf. 55977344, e-post: jutta.dierkes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS