Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (endokrinologi)

Søknadsfrist: 02.06.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (endokrinologi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (endokrinologi) for ein periode på fem (5) år.

Stillinga er knytt til fast hovudstilling ved Endokrinologisk seksjon, Medisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • undervisning av medisinarstudentar i endokrinologi
  • forsking innan området endokrinologi knytt til forskingsgruppa i Endokrin medisin. Søkjaren må kunne dokumentere eiga forsking innan området
  • administrative oppgåver som arbeid i nemnder og semesterstyrearbeid

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk doktorgrad i medisin eller tilsvarande kompetanse
  • søkaren må ha klinisk erfaring (helst spesialitet) i endokrinologi slik at pasientnær undervisning kan gjennomførast.
  • den som vert tilsett skal undervise endokrinologi og indremedisin
  • det vil verte lagt vekt på evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • det vil verte lagt vekt på evne til å få fram eigne forskingsmidlar

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Den tilsette skal arbeide med forsking i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forskingsprosjekt.

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt og kliniske studiar, koordinering av forskingsaktivitet, og forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 586 500, eller lønssteg 68 (spesialistutdanning) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Eystein Husebye, e-post: eyhu@helse-bergen.no eller tlf.: 55 97 29 50

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS