Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis / universitetslektor (20 % bistilling) i fysioterapi

Søknadsfrist: 15.08.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Førsteamanuensis/universitetslektor (20 % bistilling) i fysioterapi

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i fysioterapi for ein periode på fire (4) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje er søkjarar med kompetanse som førsteamanuensis, kan det vere aktuelt å tilsetje som universitetslektor. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen. Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Kalfarveien 31.

Stillinga skal vere knytt til forskingsgruppe fysioterapi ved instituttet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • For førsteamanuensis er forsking del av arbeidsoppgåvene
  • Undervisning og rettleiing av mastergradstudentar i manuell terapi
  • Den som vert tilsett skal undervise i muskel/skjelett-lidingar og teoretiske støttefag primært på Klinisk Mastergrad i Manuell Terapi, men undervisning på mastergrad i Helsevitskap kan og være aktuelt
  • Det er ein føremon med avanserte kliniske ferdigheiter

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha bachelorgrad i fysioterapi og mastergrad som er relevant for muskel/skjelett-lidingar
  • for førsteamanuensis er det eit krav at søkjar har relevant norsk ph.d. eller tilsvarande kompetanse innan muskel/skjelett-feltet
  • for førsteamanuensis må søkjar ha forskingserfaring innan muskel/- skjelett-lidingar og vitskapeleg metodekompetanse
  • undervisningserfaring på mastergradsnivå er ønskeleg
  • erfaring med studieplanlegging eller emneansvar er ein føremon
  • må kunne norsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg

Søkjar må ha stor arbeidskapasitet, entusiasme for forsking og vere ansvarsmedviten. Det vil bli lagt vekt på evne til å bidra til utvikling av forskingsmiljø.

Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig, og å kunne samarbeide med andre.

Den som skal tilsetjast skal arbeide i den etablerte forskingsgruppa i fysioterapi ved instituttet og må kunne dokumentere eiga forsking eller klinisk erfaring frå arbeid med muskel/skjelett-lidingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • for førsteamanuensis løn etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400, eller lønssteg 68 (spesialistutdanning) for tida kr 615 900, brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Universitetslektor vert løna etter lønssteg 52-63 (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 00 – 563 700 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Guri Rørtveit (guri.rortveit@uib.no eller tlf 55586141) eller
  • Professor Jan Magnus Bjordal (jan.bjordal@uib.no eller tlf. 55586037)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS