Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteamanuensis / fagleg koordinator for praksis- og partnarskulesamarbeid

Søknadsfrist: 01.09.2019

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/fagleg koordinator

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

I samband med Universitetet i Bergen si satsing på lektorutdanning, er det oppretta ei fast stilling som fagleg koordinator (førsteamanuensis) for praksis og partnarskulesamarbeid, med vekt på desentralisert kompetanseutvikling (DEKOMP). Stillinga er lagt til Det psykologiske fakultet, som per i dag administrerer praksis.

Lektorutdanninga ved Universitetet i Bergen femner om 5-årig lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, som til saman har plass til 955 studentar. Lektorutdanninga er eit samarbeid mellom fleire fakultet, og den sentrale koordineringa er organisert gjennom styringsgruppa for lektorutdanninga, programrådet for lektorutdanninga og praksisutvalet. Fakulteta har i tillegg til dette sine eigne lektorutdanningsutval.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Den som vert tilsett, vil fungere som leiar for praksisutvalet. Praksisutvalet er eit tverrfagleg arbeidsutval nedsett av programrådet, der også skuleeigar er representert. Utvalet har eit særskilt ansvar for praksisopplæringa til studentane og forvaltar samarbeidet med partnarskular og praksisskular. I tillegg til å løyse saker som knyter seg til ordinær drift, skal utvalet bidra til kvalitetssikring av praksis og gje programrådet og styringsgruppa råd i saker som gjeld praksis.
  • Den som vert tilsett skal arbeide med den profesjonsfaglege kvaliteten i universitetsskulesamarbeid og i praksisopplæring og partnarskulesamarbeid. Det inneber å koordinere praksissamarbeid med skular, koordinere universitets- og partnarskulesamarbeid, initiere og bidra til tverrfaglege prosjekt innan skuleforsking. I tillegg inneber det arbeid med samordning av lektorutdanning, desentralisert kompetanseutvikling og etter- og vidareutdanningstilbod retta mot sektoren.
  • Stillinga ligg mellom ulike fagmiljø. Den som vert tilsett vil derfor kome til å samarbeide med fagdirektøren for lektorutdanninga, administrasjonen og alle fagmiljøa som samarbeider om lektorutdanninga. God kontakt med praksisfeltet er også naudsynt.
  • Det er forventa at den som vert tilsett i stillinga skal ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.
  • Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at den som vert tilsett også kan verte pålagt arbeidsoppgåver utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til, innanfor si normale arbeidsplikt og den faglege kompetansen sin.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad (eller tilsvarande) i pedagogikk, fagdidaktikk eller eit anna område med tema av relevans for skule- og utdanningsfeltet.
  • Den som blir tilsett må ha brei skulefagleg erfaring og/eller forskingsbakgrunn innan didaktikk, pedagogikk eller disiplinfag som er relevant for lektorutdanninga.
  • Den som blir tilsett i stillinga vil primært bidra til arbeidet med utvikling av partnarskap i lektorutdanninga og desentralisert kompetanseutvikling, og må derfor ha gode samarbeidsevner.
  • Det er ein føremon med administrativ erfaring i skjeringspunktet mellom skule- og universitetssektoren.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagde.
  • Arbeidsspråket er norsk, og den som blir tilsett må derfor beherske norsk muntleg og skriftleg.

Det vil bli gjennomført intervju, prøveforelesning og referanseinnhenting i tilsetjingsprosessen. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 64-72 (kode 1011/lønnsramme 24, alternativ 8) etter hovudtariffavtalane til staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer ei årsløn på kr 583 500 – 666 800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga, i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jf. siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen