Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor II / førsteamanuensis (20 % bistilling) i eHelse

Søknadsfrist: 09.06.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Professor II/førsteamanuensis (20 % bistilling) i eHelse

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som professor II (20 %, bistilling) i helse IKT i to (2) år frå tilsetjing. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte aktuelt å tilsetje førsteamanuensis (20 % bistilling). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling i Helse Bergen. Arbeidsstad er ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
  • vidareutvikla, planleggja, gjennomføra og evaluera emnet
  • undervising og rettleiing av studentar i emnet HELIKT620 Helseinformatikk for studentar i etter- og vidareutdanninga ved UiB
  • rekruttere og førebu førelesarane
  • sensur og utvikling av vurderingsformer
  • den som skal tilsetjast skal arbeide med eHelse og vil tilhøyre forskingsgruppa SAMLET ved instituttet, og må kunne dokumentere eiga forsking på området

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk doktorgrad, med relevant erfaring frå fagområdet eHelse
  • det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid, og dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • det vert særleg lagt vekt på erfaring innan arbeid innan eHelse

Vi søkjer deg som har

  • relevant utdanning på ph.d.-nivå
  • teoretisk og praktisk erfaring knytt til helseinformatikk og eHelse
  • god munnleg og skriftleg framstillings- og formidlingsevne på norsk

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.

Det er ein føremon at du har

  • erfaring med undervisning/rettleiing på høgskule/universitetsnivå
  • god kjennskap til utviklingstrekk og organisering av eHelse, internasjonalt, nasjonalt og regionalt.
  • god forståing av grenseflata mellom informatikk og klinikk.
  • erfaring med digitale læringsplattformar og metodar

Vi ønskjer deg som

  • har evne til å motivera og inspirera
  • kommuniserer opent og tydeleg
  • har evne til å arbeida sjølvstendig og i team innanfor gitte arbeidsområder
  • har god systemforståing og er løysingsorientert
  • har gjennomføringsevne og endringsvilje

Bistillinga vil bli tett knytt opp mot fagmiljø ved Seksjon for eHelse ved FOU avdelinga i Helse Bergen som har vært fagansvarlege då emnet blei gjennomføring fyrste gong hausten 2018 og den som vert tilsett må ha hovudstilling i Helse Bergen, eller Helse Vest IKT.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 731 400 - 778 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 586 500 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Aslak Aslaksen, programutvalsleiar for Programutval for Helseledelse, -økonomi og kvalitetsforbedring, i etter- og vidareutdanninga ved Universitetet i Bergen

https://www.uib.no/personer/Aslak.Aslaksen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS