Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Professor / førsteamanuensis i samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 20.10.2019

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis i samfunnsmedisin

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Fagområde for samfunnsmedisin, arbeids- og miljømedisin og helseleiing (SAMLET) er det ledig ei fast 100 % stilling som professor eller førsteamanuensis i samfunnsmedisin.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • arbeide med samfunnsmedisinske problemstillingar i ei av dei etablerte forskingsgruppene ved instituttet og søkjar må kunne dokumentere eiga forsking innanfor samfunnsmedisin
  • initiere og leie forsking innan samfunnsmedisin, publisere forskingsresultat, medverke i søknadar om eksterne midlar, og drive forskingsrettleiing
  • utvikle og delta i undervising av studentar og eksamensarbeid, og ta på seg administrative oppgåver etter dei til ein kvar tid gjeldande reglar
  • bidra til økt kompetanseutveksling mellom Universitetet i Bergen og det samfunnsmedisinske praksisfeltet
  • ha hovudansvar for samfunnsmedisinsk undervisning på profesjonsstudiet i medisin
  • delta i andre oppgåver og plikter i tråd med instituttet sine prioriteringar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha medisinsk profesjonsutdanning som lege
  • søkjar må ha doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • dokumentert evne til å skape forskingsmiljø gjennom nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt og erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, samt forskingsstrategisk arbeid.
  • evne til å hente inn eksterne forskingsmiddel vil bli vektlagt
  • evne til samarbeid og leiareigenskaper er naudsynt
  • det vil bli lagt vekt på engasjement for faget og undervisning i samfunnsmedisin, tidlegare undervisningserfaring i samfunnsmedisinske tema og pedagogiske evner
  • pedagogisk basiskompetanse er eit krav, men den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing
  • det er ein føremon om søkjar har samfunnsmedisinsk spesialistkompetanse, eller er under utdanning til dette
  • det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida kr 741 300 - 789 200 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66-72 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400 – 667 200, eller lønssteg 68-74 (spesialistutdanning) for tida kr 615 900 – 691 400 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV, vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) i passande format (pdf) som vedlegg
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Ole Jacob Møllerløkken, fagområdeleiar SAMLET (ole.mollerlokken@uib.no)
  • Ingvild F. Sandøy, undervisningsgruppeleiar for samfunnsmedisin (ingvild.sandoy@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS