Stilling:

Professor / førsteamanuensis i medisin (global helse)

Søknadsfrist 24.03.2019

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Professor/førsteamanuensis i medisin (global helse)

Ved Det medisinske fakultet, Senter for internasjonal helse, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling som professor (100 %) i medisin (global helse). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med professorkompetanse, kan det verte tilsett førsteamanuensis.

Om Senter for internasjonal helse:

Senter for internasjonal helse (SIH) er etablert som eit tverrfagleg og interfakultært senter ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Det medisinske fakultet. Sentralt ved SIH er Forskarskulen i internasjonal helse, med ca. 60 doktorgradskandidatar og 40 mastergradskandidatar i eit tverrfagleg Master’s program i global helse, og CIH/CISMAC Research School for ph.d.- kandidatar. Dette er engelskspråkleg undervisning og for ein stor del knytt til kompetansebygging ved samarbeidsuniversitet i Afrika og Asia. I tillegg undervisar dei tilsette ved SIH medisinstudentar i global helse.

Senterets hovudoppgåver er å:

  • Initiera, driva og koordinera helsefagleg forsking og utdanning som er viktig for verdens fattige befolkningar.
  • Driva forsking, undervisning, forskarutdanning og leiarutvikling i partnarskap med institusjonar i låg- eller middelinntektsland (LMIC), og bidra til institusjonsbygging hos partnarane.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som blir tilsett skal delta i undervisninga i global helse på master- og doktorgradsnivå. Den som blir tilsett vil òg kunne bli pålagt å delta i instituttet si generelle undervisning, og i arbeid på instituttet elles.

Stillinga skal vere knytt til ei av dei eksisterande forskingsgruppene ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha

  • medisinsk embetseksamen og medisinsk doktorgrad
  • røynsle med forskingsprosjekt frå fagområdet global helse
  • røynsle med fagleg kompetansebygging i låg- eller middelinntektsland (LMIC)
  • vist evne til å få fram eigne forskingsmidlar
  • vist evne til å skape forskingsmiljø gjennom eigen nettverksbygging nasjonalt og internasjonalt
  • erfaring med undervisning og rettleiing i global helse og epidemiologi på høgt nivå (mastergrad, doktorgrad)
  • pedagogisk basisutdanning. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Kurs vert tilbode.

Det er ein føremon om søkjar har

  • røynsle med forsking innan helse for mor og barn eller infeksjonssjuk- domar i LMIC
  • røynsle med epidemiologisk forskingsmetodar, særleg kontrollerte forsøksstudiar
  • røynsle med nettbasert undervisning
  • røynsle med forskingsformidling i LMIC
  • røynsle frå leiing av forskingsprosjekt i LMIC

Det vert og lagt vekt på erfaring med forskingsstrategisk arbeid, koordinering av forskingsaktivitet, samt frå forskingsstrategisk arbeid Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk og engelsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjina. Kurs vert tilbode.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • professor vert lønt etter lønssteg 77-79 (kode 1013) i lønsregulativet til staten, for tida 731 400 - 778 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 1011/lønsramme 24.10) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida kr 586 500 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 15 for professor og maks 10 for førsteamanuensis) i pdf format
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

I tillegg ber vi søkjar legge ved ei kort skisse for forskingsplan for dei komande fem år. Dersom søkjar har erfaring med å innhente eksternfinansiering, er det ønskeleg at dette vert spesifisert i søknad

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte:

  • Professor/leiar Bente E. Moen, Senter for internasjonal helse, bente.moen@uib.no, tlf.: 90025541 eller
  • Instituttleiar Guri Rørtveit, e-post: guri.rortveit@uib.no, tlf.: 55586141

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS