Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Professor / førsteamanuensis i fysikkdidaktikk

Søknadsfrist: 31.08.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ein fast stilling som professor/ førsteamanuensis i fysikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er knytt til naturfagmiljøet i grunnskule- og barnehagelærerutdanningane ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.


Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.


Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til naturfagmiljøet i grunnskule- og barnehagelærerutdanningane på campus Bergen.

Stillinga har følgande arbeidsområder:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Undervisning, rettleiing og vurdering innan fagområdet fysikk/ fysikkdidaktikk, herunder praksisoppfølging
  • Rettleiing av stipendiatar og tilsette i fakultetet
  • Utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften.
  • Drive FoU-aktivitet, publisere og formidle forskningsresultater
  • Lede og delta i utvikling av forskningsprosjekter og utarbeide søknader om ekstern finansiering sammen med kolleger i fagmiljøet
  • Delta i og utvikle nasjonalt og internasjonalt samarbeid
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidshverdagen

Arbeidsoppgåver innanfor utvikling av mastergradsutdanning, og kurs- og oppdragsverksems kan også være aktuelt, avhengig av den tilsette sin kompetanse og fagmiljøet sitt behov.

Kvalifikasjonskrav:

Den som tilsettes må ha Ph.d. grad i relevant fagområde og professorkompetanse i fysikkdidaktikk/ naturfagdidaktikk.

Dersom ingen søkarar er kvalifisert til stilling som professor vil man vurdere søkarar til stilling som førsteamanuensis i fysikkdidaktikk/ fysikk.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Søkarar med følgande kompetanse og erfaring blir prioritert

  • Undervisningserfaring i naturfag retta mot grunnskule, vidaregåande skule, grunnskulelærarutdanningar, barnehagelærarutdanning og/eller barnehage
  • Erfaring frå Ph.d. og master-rettleiing og rettleiing av kollegaer retta mot profesjonsretta forsking
  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings og utviklingsarbeid, herunder erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk innanfor profesjonsretta forsking
  • Kompetanse innan naturfagdidaktisk forsking
  • Anna relevant undervisningserfaring, kjemi er spesielt ynskjeleg
  • Erfaring med å utvikle og samarbeide om forskingsprosjekt nasjonalt eller internasjonalt

Det vil bli tatt omsyn til om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Naturfagmiljøet sitt samla behov for kompetanse vil vera avgjerande ved tilsetting.

Undervisningsspråket er norsk. Søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som professor/ førsteamanuensis/ førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som professor/førsteamanuensis er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/ 1013

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Assisterande instituttleiar Merete Økland Sortland 53491428/ 90955465

Søk stilling

Powered by Labrador CMS