Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i vernepleie (18/07400)

Søknadsfrist 9. desember 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i vernepleie. Stillinga er knytt til Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, Campus Bergen.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. I tillegg er fire forskingssenter knytt til fakultetet innan fagområda samhandling, helseforsking, kunnskapsbasert praksis og omsorgsforsking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi nærare 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ansvars og arbeidsoppgåver

  • undervisning, rettleiing og forsking innan fagområdet vernepleie
  • oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • arbeid med internasjonale nettbaserte studiar
  • deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, men den som vert tilsett må også påregne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbud i instituttet.

Kvalifikasjonar

  • for tilsetjing som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan relevante områder
  • søkjar må dokumentera relevant fordjuping i relevante fagområde innafor vernepleie
  • kunnskap og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsetjingar
  • pedagogisk erfaring
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk
  • god IKT-kompetanse
  • interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid

Ønska kvalifikasjonar

  • vidareutdanning i pedagogikk eller spesialpedagogikk
  • erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • vernepleiar eller andre med kunnskap og erfaring frå arbeid i førstelinetenesta

Personlege eigenskapar:

  • sjølvstendig og ansvarleg og ha interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • er positiv og har gode samarbeidsevner
  • god evne til formidling

Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor, kan det verte aktuelt å tilsetje midlertidig i stilling som høgskulelektor i eitt år.Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato. Undervisningsspråket er norsk.

Sakkunnig vurdering

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse av inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr

Stillingane er lønna etter Statens lønnsregulativ, som førsteamanuensis eller førstelektor i stillingskode 1011/1198/1008. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggasted ved som lenke. Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlist. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar: Unni Margrethe Uren Aasen, Tlf: 57 67 62 37 / 977 10 398

2) Instituttleiar Svanaug Fjær, Tlf: 55 58 57 53 / 918 89 744

Heimeside

Søk stilling

Powered by Labrador CMS