Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i naturfag - biologi

Søknadsfrist 3. februar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast stilling i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor i biologi med vekt på botanikk, zoologi, økologi, og/eller humanbiologi. Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Ansvars- og arbeidsområder

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver, i tillegg til FoU-arbeid. Du må kunne undervise både i barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10). Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning, internasjonale kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av søkaren sin kompetanse og instituttet/fagmiljøet sine behov.

I tillegg er følgande arbeidsoppgåver relevante for stillinga:

  • Ta initiativ til, leie og gjennomføre FoU-arbeid innan naturfagdidaktikk.
  • Bidra til forsking og utvikling av forskningsmiljø innan naturfagdidaktikk.
  • Bidra til utvikling av naturfag som masterfag i grunnskulelærarutdanninga
  • Bidra til utvikling av natur, helse og rørsle som masterfag i barnhagelærarutdanninga
  • Bidra til vidareutvikling av fakultetet sitt Ph.d.-program Danning og didaktiske praksisar.
  • Bidra til studentinvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, utvikle studentane si praksisutdanning.
  • Bidra til nye og utvikling av eksisterende samarbeidsprosjekt med eksterne forskningsmiljø både nasjonalt og internasjonalt.
  • Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnerbarnehagar og -skular)

Kvalifikasjonskrav

Søkaren må ha kompetanse i biologi/ biologididaktikk med vekt på botanikk, zoologi, økologi, og/eller humanbiologi og kompetansen må være relevant for utdanningane spesifisert over.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor krevs det kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevans.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant undervisningserfaring, og yrkeserfaring frå grunnskule, barnehage, leirskule eller vidaregåande opplæring.

Den som blir tilsett, må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravt.

Undervisningsspråket er normalt norsk, men ein må kunna undervisa på engelsk på internasjonale emne. Søkarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år.

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring frå undervisning i felt til alle årstider

Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr:

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med muligheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga:

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida.Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Ph.d.-program.

Generell informasjon:

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Kontaktpersoner:

  • Assisterande instittutleiar Merete Økland Sortland: 53491428 / 90955465

Søk denne stillinga

Powered by Labrador CMS