Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i musikkpedagogikk

Søknadsfrist: 19.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig mellombels stilling i 50% som førsteamanuensis/ førstelektor i musikkpedagogikk for perioden 1.8.2019 til 31.7.2020.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr

barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet er involvert i utdanningar på bachelor-, master- og ph.D.-nivå. Fagområda i instituttet omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Tilsette på instituttet er aktive deltakarar i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Institutt for kunstfag har som mål å vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet.

Stillinga er knytt til Institutt for kunstfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er i hovudsak knytt til Master i musikkpedagogikk på campus Bergen, og arbeidsoppgåvene vil primært være undervisning, rettleiing og vurdering av masterstudentar. Det kan og bli aktuelt med noko undervisnings- og rettleiingsarbeid på campus Stord. Koordinerande arbeid og arbeidsoppgåver innanfor dei andre grunnutdanningane, etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsaktivitet kan og være aktuelt, avhengig av søkar sin kompetanse og instituttet sine behov.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.
  • For tilsetting som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • Dokumentert faglig-pedagogisk utviklingsarbeid og vitskapleg arbeid.
  • Søkar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Høgskulepedagogisk kompetanse.

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule og skule/barnehage.
  • Forskings- og rettleiingskompetanse innanfor musikkpedagogikk.

Personlege eigenskaper:

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og være fleksibel. Høg etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Det vil bli vurdert om søkar er personlig egna for stillinga.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1. Instituttleiar Oded Ben-Horin 53 49 14 56

2. Ass. instituttleiar Anne Kristine Wallace Turøy tlf 55 58 57 93

Søk stilling

Powered by Labrador CMS