Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i musikkpedagogikk / community music

Søknadsfrist 07.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig inntil 2 faste stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i musikkpedagogikk/ community music frå 1.8.2019.

Stillingane er knytt til Institutt for kunstfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Stord

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr

barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet er involvert i utdanningar på bachelor-, master- og Ph.D.-nivå. Fagområda i instituttet omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Tilsette på instituttet er aktive deltakarar i nasjonale og internasjonale forskingsnettverk. Institutt for kunstfag har som mål å vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skole og kulturfeltet.

Stillingane er knytt til musikkmiljøet på campus Rommetveit, der ein vil arbeide på både master- og bachelorutdanningane. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing og vurdering av studentoppgåver. Kompetanse innan arrangering/komponering, Community Music, rytmisk musikk og musikkpedagogikk er ynskjeleg. Didatikk, musikkteknologi, barnehageerfaring eller andre generelle musikkfag er også ynskjeleg. Stillingane er knytt til campus Stord og det vert forventa oppmøte på campus mesteparten av tida.

Stillinga inneber også forsking og utviklingsarbeid. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.

I tillegg kan følgende arbeidsoppgaver være relevante:

  • Ta initiativ til, leie og gjennomføre FoU-arbeid innan kunstfag
  • Bidra til forsking og utvikling av forskningsmiljø innan kunstfag
  • Bidra til vidareutvikling av fakultetet sitt ph.d-program «Danning og didaktiske praksiser»
  • Undervisning, rettleiing og evaluering av ph.d-prosjekt, masteroppgåver, samt bacheloroppgåver i grunnskule- barnehage- og vidaregåande lærarutdanning, innan kunstfag.
  • Bidra til studentinvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, utvikle studentane si praksisutdanning.
  • Bidra til nye og utvikling av eksisterande samarbeidsprosjekt med eksterne forskningsmiljø både nasjonalt og internasjonalt.     

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • Om det ikkje melder seg søkjarar med kompetanse for tilsetting som førsteamanuensis eller førstelektor, kan det bli aktuelt med midlertidig tilsetting i eit år som høgskulelektor. For midlertidig tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad (hovedfag) i musikkpedagogikk og anna relevant tilleggskompetanse/-erfaring.
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og vitskapleg arbeid
  • Søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk skriftleg og munnleg.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det bli lagt vekt på:

  • Allsidigheit og relevant yrkeserfaring, særleg frå arbeid ved universitet/høgskule og/eller skule/barnehage
  • Dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid og vitskapleg arbeid
  • Høgskulepedagogisk kompetanse

Det vil bli vurdert om søkjaren er personleg eigna for stillinga

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurderingSøkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert og rangert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Jonas Selås Olsen 53 49 14 59

2) Instituttleiar Oded Ben-Horin 53 49 14 56

Søk stilling

Powered by Labrador CMS