Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i mat og helse - kultur og samfunn

Søknadsfrist 06.03.2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt foridrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein fast stilling i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor i mat og helse - med vektlegging på kultur, samfunn og bærekraft. Stillinga er ledig frå 1.8.2019.

Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen. Stillinga er retta mot undervisning og forsking innan kultur- og samfunnsfaglege spørsmålsstillingar knytt til matvanar, forbruk og bærekraft, og til mat og måltid som kultur- og identitetsuttrykk. Kultur- og samfunnsperspektiv er viktige innfallsvinklar for å få innsikt og forståing for kulturelle variasjonar og kulturelt mangfald i samfunnet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil bli tillagt undervisning/rettleiing/vurdering innanfor eitt eller fleire av følgjande studietilbod:

  • Mat og helse i femårig grunnskulelærarutdanning med integrert master
  • Natur, helse og rørsle i barnehagelærarutdanninga
  • Bachelorstudiet i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet
  • Masterstudiet i barnehagekunnskap
  • Masterstudiet i fysisk aktivitet og kosthald i eit skolemiljø
  • Etter- og vidareutdanning i mat og helse

Arbeidsoppgåvene i stillinga kan omfatte:

  • Teoretisk og praktisk undervisning, rettleiing i arbeidskrav og oppgåver, vurderings- og eksamensarbeid, emneansvar i grunnutdanningane og/eller etterutdanningane
  • Praksisoppfølging
  • Rettleiing av bachelor- og masteroppgåver
  • Studieadministrative oppgåver/koordinering av studentgrupper
  • Forsking- og utviklingsarbeid knytt til forskingsprogrammet idrett, fysisk aktivitet og kosthald
  • Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsverksemd

Det er forventa at den som blir tilsett deltek i forskingsaktiviteten på instituttet/fakultetet. I stillinga inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid. Tilsette søker om tid til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for utdanningane ved instituttet.

Høgskulen har e-læring, nett- og samlingsbasert undervisning som satsingsområde, og den som blir tilsett må derfor kunne gje rettleiing og undervisning via digitale medium.

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Søkarar til denne stillinga må ha førstekompetanse innafor minst eit av temaområda som ligg til stillinga; 1) kultur- og/eller samfunnsperspektiv på matvanar, forbruk og/eller berekraft, 2) mat og måltid som kultur- og identitetsuttrykk).

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk. Søkarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år.

Ønskte kvalifikasjonar:

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:

  • Erfaring frå forsking innafor fagområda som ligg til stillinga
  • Faglege/vitskaplege publikasjonar med relevans for stillinga
  • Undervisningserfaring frå høgare utdanning, vidaregåande skole eller grunnskole
  • Fagdidaktisk kompetanse i skolefaget mat og helse
  • Erfaring frå rettleiing av studentar
  • Pedagogisk utdanning

Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Aktuelle kandidater til stillingen vil bli innkalt til intervju og bedne om å halde ein prøveforelesning.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleder, Ingrid Leversen, Tlf. 55 58 75 33

Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les meir på våre heimesider.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS