Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor i mat og helse - kultur og samfunn

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein fast stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i mat og helse – kultur og samfunn frå 1.8.2019. Stillinga er knytt til Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er knytt til faget mat og helse og samfunnsfaglege og kulturfaglege perspektiv i undervisninga.

Stillinga vil bli tillagt undervisning/rettleiing/evaluering innanfor eitt eller fleire av følgjande studietilbod:

  • Mat og helse i femårig grunnskulelærarutdanning med integrert master
  • Natur, helse og rørsle i barnehagelærarutdanninga
  • Bachelorstudiet i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet
  • Masterstudiet i barnehagekunnskap
  • Masterstudiet i fysisk aktivitet og kosthald i eit skolemiljø
  • Etter- og vidareutdanning i mat og helse

Arbeidsoppgåvene i stillinga kan omfatte:

  • Teoretisk og praktisk undervisning, rettleiing i arbeidskrav og oppgåver, vurderings- og eksamensarbeid, emneansvar i grunnutdanningane og/eller etterutdanningane
  • Praksisoppfølging
  • Rettleiing av bachelor- og masteroppgåver
  • Studieadministrative oppgåver/koordinering av studentgrupper
  • Forsking- og utviklingsarbeid knytt til forskingsprogrammet idrett, fysisk aktivitet og kosthald
  • Arbeidsoppgåver innan etter- og vidareutdanning- og/eller kurs og oppdragsverksemd

Det er forventa at den som blir tilsett deltek i forskingsaktiviteten på instituttet/fakultetet. I stillinga inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid. Tilsette søker om tid til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for utdanningane ved instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

For fast tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor må søkar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk. Søkarar som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år.

Ønskte kvalifikasjonar:

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:

  • Undervisningserfaring frå høgare utdanning, vidaregåande skole eller grunnskole
  • Fagdidaktisk kompetanse og/eller erfaring frå undervisning i skulefaget mat og helse
  • Forskarerfaring
  • Faglege/vitskaplege publikasjonar med relevans for skulefaget mat og helse og/eller for kostholdsfremjande arbeid for barn og unge
  • Erfaring frå rettleiing av studentar
  • Pedagogisk utdanning

Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr:

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med muligheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Korleis søke på stillinga:

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk denne stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen

Som vedlegg til søknaden må søkarar også laste opp dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.) dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkarar bør nemne dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing

Generell informasjon:

Den som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instituttleder, Ingrid Leversen, Tlf. 55 58 75 33

Søk denne stillinga

Powered by Labrador CMS