Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i engelsk litteratur / litteraturdidaktikk

Søknadsfrist: 22.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor i engelsk litteratur/ litteraturdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er knytt til fagmiljøet i engelsk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking på Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning innanfor grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10), årskurs i engelsk og PPU, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver, studieadministrative oppgåver, i tillegg til FoU-arbeid. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov. Kandidaten må kunne undervise også i andre disipliner enn berre litteratur.

I tillegg kan følgande arbeidsoppgåver vere relevante for stillinga:

  • Ta initiativ til, leie og gjennomføre FoU-arbeid innan engelskdidaktikk.
  • Bidra til forsking og utvikling av forskingsmiljø innan
  • Bidra til utvikling av ny master i engelskdidaktikk
  • Undervisning, rettleiing masteroppgåver, samt bacheloroppgåver i grunnskole- barnehage- og videregående lærerutdanning, innan engelskdidaktikk.
  • Bidra til studentinvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, utvikle studentane si praksisutdanning.
  • Bidra til nye og utvikling av eksisterande samarbeidsprosjekt med eksterne forskingsmiljø både nasjonalt og internasjonalt
  • Bidra inn i forskergrupper og strategiske forskningsprogram
  • Bidra til å utvikle samarbeidet med praksisfeltet (partnarskular)

Kvalifikasjonskrav:

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må søkar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. Søkar må ha mastergrad/hovudfag eller utdanning på tilsvarande nivå i engelsk litteratur/litteraturdidaktikk.

Søkar må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar. Det er vidare positivt om søkaren har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.

Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg og ha kunnskap om det norske samfunnet.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant undervisningserfaring frå og god kjennskap til grunnskulen.

Personlege eigenskaparSøkar må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar. Stillinga krev også at søkar både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkarane er personleg eigna for stillinga.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju med prøveforelesing.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing, må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

  • Instituttleder Kristin Hinna, telefon: +47 55 58 59 40 / mobil +47 905 56 083
  • Assisterande instituttleiar Jorunn Steensnæs, telefon: +47 53 49 13 98

Søk stilling

Powered by Labrador CMS