Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor/ høgskulelektor innan vernepleie

Søknadsfrist 26. august 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett.

HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, er det ledig eit vikariat i 100% stilling som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan vernepleie i perioden fram til 01.08.2020 ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking ved campus Bergen.

Vi ynskjer fagperson med kunnskap og erfaring frå arbeid med mennesker med funksjonsnedsetjingar, fortrinnsvis vernepleiar.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. I tillegg er fire forskingssenter knytt til fakultetet innan fagområda samhandling, helseforsking, kunnskapsbasert praksis og omsorgsforsking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi nærare 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og forsking innafor fagområdet vernepleie
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Arbeid med internasjonale nettbaserte studiar
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid.
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonar:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis er kravet avlagt Ph.D grad. Vernepleierutdanning som er tatt utanfor Norge skal vera godkjend og stadfesta av NOKUT
  • For tilsetjing som førstelektor må NOKUT sine krav til førstekompetanse vere dokumentert
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha mastergrad, helst innan vernepleiefaglege tema.
  • Anna relevant sosial-/samfunnsvitskapleg eller spesialpedagogisk mastergrad kan vera aktuelt dersom søkjaren har profesjonsutdanning i vernepleie
  • Søkjar må dokumentera relevant fordjuping i relevante fagområde innafor vernepleie
  • Det er ønskjeleg at søkjar har praksis frå vernepleiefagleg arbeid
  • Pedagogisk erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk
  • God IKT-forståing
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid
  • Det er ynskjeleg at søkjarane har erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning

Personlige eigenskaper:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Har evne til å ta initiativ
  • Gode samarbeidsevner
  • God evne til formidling

Språkkunnskap:

Undervisningsspråket er norsk.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr:

Stillinga er lønna som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Fleksitid jfr. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarliste. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Olbjørg Skutle, Tlf: + 47 55 58 78 94

2) Fagseksjonsleiar Unni Margrethe Iren Aasen Tlf: +47 57 67 62 36

Søk stilling

Powered by Labrador CMS