Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i vernepleie

Søknadsfrist: 05.01.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og omsorgsvitskap har ledig stilling som Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i vernepleie

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar.

Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal.

Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Institutt for velferd og deltaking er det ledig 100% stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i vernepleie knytt til bachelorutdanninga i vernepleie ved Campus Bergen. Instituttet ynskjer å styrkje kompetansen innan tenesteutvikling og leiing.

Kunnskap og erfaring frå tverrfagleg samarbeid er ynskjeleg.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og forsking innan fagområdet vernepleie
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, evaluering og sensur
  • Arbeid med internasjonale nettbaserte studiar
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i vernepleie, men den som vert tilsett må også pårekne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan relevante områder
  • Profesjonsutdanning i vernepleie
  • For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad
  • Kunnskap og arbeidserfaring med menneske med funksjonsnedsetjingar
  • Pedagogisk erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk
  • God IKT-kompetanse
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid, nye undervisningsformer og internasjonaliseringsarbeid

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato. Undervisningsspråket er norsk.

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Kunnskap og erfaring frå arbeid i førstelinetenesta

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingarfastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129).

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg og ha interesse for å utvikle vernepleieutdanninga
  • Evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar
  • Gode samarbeidsevner og godt humør
  • God evne til formidling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Sakkyndig vurdering:

Søkere til vitenskapelige stillinger blir vurdert av en sakkyndig komité. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 15 vitenskapelige arbeider. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkere bli innkalt til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 førsteamanuensis, 1198 førstelektor, 1008 høgskolelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleder Svanaug Fjær, 55 58 57 53 / 918 89 744

2) Fagseksjonsleiar Unni Margrethe Uren Aasen, 57 67 62 36 / 97 71 09 38

Søk stilling

Powered by Labrador CMS