Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i teiknspråk og tolking

Søknadsfrist 24.03.2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig stilling i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i teiknspråk og tolking

Stillinga er knytt til Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Teiknspråk og tolking har 5 fast tilsette. Arbeidsoppgåvene er primært knytt til bachelorprogrammet i teiknspråk og tolking. I tillegg har fagmiljøet ansvar for (undervisning i) faget teiknspråk knytt til satsinga Kompetanse for kvalitet. Forsking og utviklingsarbeid er også ein viktig del av fagmiljøets arbeid. Vidare samarbeider fagmiljøet med andre utdanningsinstitusjonar som tilbyr bachelor i teiknspråk og tolking, om ulike nasjonale oppgåver.

Den som blir tilsett vil ha ansvar for undervisning i teori og praksis i teiknspråk og tolking gjennom heile studiet. Den som blir tilsett kan også trekkast inn i arbeidet med rettleiing og evaluering av bacheloroppgåver relatert til sin faglege profil og kompetanse. Vedkommande vil bli ein viktig ressurs i utviklingsarbeidet mot å skape ei utdanning i endring.

Teiknspråk og tolking er eit miljø i utvikling, og den som blir tilsett, vil få høve til å bidra til utviklinga med sin kompetanseprofil. Det blir dermed mogleg å påvirke fordelinga av arbeidsoppgåvene. Den som blir tilsett må vere villig til å bidra til utviklinga av nye fagområde innan teiknspråk og tolkeutdanninga. Fagmiljøet ønsker ein fleksibel og kreativ medarbeidar som kan vere med å utvikle faget også innanfor den nye grunnskulelærarutdanninga.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjaren ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning med ei innretning som er relevant for utdanninga som tilbys her.
  • For tilsetting som førstelektor må søkjaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med relevans for stillingsprofilen.
  • Dersom det ikkje er søkjarar med førstekompetanse, kan det vere aktuelt å tilsette som høgskulelektor. Her er kvalifikasjonskravet norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning i fagområdet teiknspråk og tolking.
  • Dersom det ikkje er søkjarar med dei nødvendige utdanningskvalifikasjonane, vil instituttet vurdere å tilsette i kvalifiseringsstilling. For å komme i betraktning for ei kvalifiseringsstilling må søkjar oppfylle følgjande krav:
    • vere opptatt på eit masterstudium med relevans for teiknspråk og tolking
    • ha avlagt minst 60 sp i dette masterstudiet
    • forplikte seg til å gjennomføre masterstudiet innan tre år etter tilsetting
    • Tilsetting i kvalifiseringsstilling inneber lønn som høgskulelektor, og at stillinga blir fast når søkjar har avlagt mastergraden, dersom det skjer innan fristen.
  • Dersom det ikkje er søkjarar med dei nødvendige utdanningskvalifikasjonane og som heller ikkje fyller krava for å komme i betraktning til kvalifiseringsstillinga, kan det vere aktuelt å tilsette i midlertidig stilling som høgskulelærer.

Ønska kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett bør ha kompetanse i fortrinnsvis norsk teiknspråk. Søkjarar som ikkje meistrar norsk teiknspråk ved tilsetting, må tileigne seg språket i løpet av maksimum to år.
  • Søkjarar med teiknspråk som førstespråk oppfordras til å søkje.
  • Det er også ønskeleg med kompetanse i teiknspråkdidaktikk og erfaring i arbeid med kreativt teiknspråk.
  • Vedkommande bør ha ein kompetanse som er relevant for utvikling av eit studietilbod som møter krava til likestilling av norsk og norsk teiknspråk i studiet.
  • Det er også ønskeleg med erfaring frå tolking og/ eller omsetjingsarbeid.

Personlige egenskaper:

  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeidsevne, gode formidlingsevne, og evne til å ta initiativ, arbeide sjølvstendig og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit er påkravt.

Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurderingSøkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5vitskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan ertilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterende instituttleder Dagmar Cejka tlf: 55 58 57 86

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS