Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk i barnehagelærarutdanninga (168854)

Søknadsfrist: 05.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 2 faste stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk i barnehagelærarutdanninga

Om stillingane:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling

Stillingane er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Er du engasjert i barnehagen som ein utdanninginstitusjon for barndom, danning, leik, læring og utvikling? Har du gode idear om korleis undervisinga av barnehagelærarar kan styrkjast slik at barnehagane får godt kvalifiserte barnehagelærarar i framtida? Er du opptatt av forsking på barnehagefeltet? Då kan denne stillinga vere noko for deg.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervising, rettleiing, evaluering av arbeidskrav og oppfølging i praksis.
  • Deltaking i evaluering og vidareutvikling av utdanningstilbod ved instituttet/ fakultetet.
  • Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Arbeidsoppgåvene inneber også deltaking i fagleg og administrativt arbeid på instituttet. Det må påreknast noko reising i stillinga.
  • Deltaking i fellesfagleg arbeid i fagmiljøet som til dømes organisering av fagdagar og kurs- og oppdragsverksemd.
  • I stillinga inngår fagleg- administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for pedagogikk i barnehagelærarutdanninga.For tilsetting som førstelektor må søkjaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, med tilsvarande krav til relevans (som i punktet ovanfor)
  • Dersom det ikkje melder seg søkjarar med førstekompetanse, kan det bli aktuelt å tilsette som høgskulelektor i ei av stillingane. For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha minimum mastergrad i pedagogikk med gode resultat
  • Søkjarane må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig
  • Yrkesmedvit i møte med studentar og kollegaer i høgskule og barnehage

Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar/ førskulelærar
  • Erfaring frå arbeid i barnehage/ skule
  • Erfaring frå arbeid i høgskule/universitet.
  • Erfaring med deltaking i relevant forskings- og utviklingsarbeid
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse
  • Kompetanse om mangfold
  • Kompetanse om pedagogisk leiing

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har formell praktisk pedagogiske kompetanse, må søkjaren kvalifisere seg via kurs i høgskolepedagogikk innan to år frå tilsettingsdato.

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidater vil bli innkalt til intervju og vil bli bedt om å holde en prøveforelesning.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktpersonar på Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Torunnn Herfindal tlf: +47 55 58 57 39

Søk stilling

Powered by Labrador CMS