Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i pedagogikk / spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 06.05.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 5 mellombelse stillingar i 100% som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i pedagogikk/ spesialpedagogikk for perioden 1.8.2019 - 31.7.2020.

Stillingane er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane er knytt til grunnskulelærarutdanninga og arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering av studentoppgåver og oppfølging av studenter i praksis. Stillingane kan også innehalde arbeidsoppgåver knytt til ettar- og vidareutdanningstilbod innan til dømes tilpassa opplæring og spesialpedagogikk. Arbeidsoppgåvene innebærer også deltaking i fagmiljøet sitt arbeid, samarbeid med ulike faggruppar, undervisningsteam og med praksisskuler. I stillinga inngår administrasjonsressurs.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav.
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha minimum mastergradsnivå innanfor pedagogikk og /eller spesialpedagogikk med gode resultat.
  • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og ha evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar og kollegaer i høgskule og barenhage er påkrevd.
  • Søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Ønska kvalifikasjonar:

Det blir lagt vekt på allsidigheit og relevant yrkespraksis, særleg frå arbeid i skulen og undervisningspraksis frå høgskule/universitet. Vitdkapleg arbeid og /eller dokumentert fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid vil bli særleg vektlagt.

Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Ved tilsetting vil fagmiljøet sitt samla behov for kompetanse kunne vere avgjørande.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar på Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar GLU 5-10 Solveig Kalgraf tlf. 55585947 epost: skal@hvl.no
  • Fagkoordinator Vibeke Solsvik Foldnes tlf: 55587513 e-post: vsf@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS