Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i intensivsjukepleie

Søknadsfrist 01.04.2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig to stillinger som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor i intensivsjukepleie.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit bredt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og videreutdanningar, fleire masterutdanningar og eit ph.d.-studie i Helse, funksjon og deltaking. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking. Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og kring 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ei rekke pedagogiske arbeidsformer inkludert praksisrettleiing, oppgåverettleiing , IKT-baserte forelesingar og studentaktive læringsformer på masterstudiet i klinisk sjukepleie - intensivsjukepleie.
  • Evaluering i praksisstudier, utarbeiding av eksamensoppgåver og sensur.
  • Forsking med relevans for intensivsjukepleie.
  • Bidra i andre pedagogiske, vitskaplege og fagadministrative oppgåver i instituttet, som til dømes studiekoordinering, emneansvar, deltaking i forskargruppe, og samarbeid mellom forskingsfeltet og det kliniske feltet for å oppretthalde og stadig betre det pedagogiske og vitskaplege nivået i studiet.
  • Samarbeid internt ved høgskulen så vel som andre utdanningsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt.

Stillinga har i hovudsak oppgåver ved campus Bergen og i nært samarbeid med campus Haugesund og campus Førde.

Kvalifikasjonskrav:

  • Grunnutdanning i sjukepleie
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie med relevant masteroppgåve
  • Avlagt ph. d. –grad, eller dokumentert førstekompetanse innan relevante fagområde i det vitskaplege feltet
  • For tilsetjing som høgskulelektor er kravet relevant mastergrad/hovedfag, og det blir lagt vekt på interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse
  • Engasjement, initiativ og interesse for at eiga vitskaplege karriereplan i intensivsjukepleie bidreg i utviklinga av det vitskaplege nivået ved fagseksjonen, instituttet og fakultetet
  • Pedagogisk kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller skandinavisk språk og på engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønska kvalifkasjonar:

  • Undervisnings- og rettleiarerfaring frå høgare utdanning
  • Erfaring frå studentaktive læringsmetodar
  • Oppdatert klinisk erfaring

Personlege eigenskapar:

  • arbeide sjølvstendig
  • ta ansvar
  • vise intitiativ
  • gode formidlingsevner
  • evne til å samarbeide både med studentar og kollegaer

Dersom den som blir tilsatt ikke har praktisk pedagogisk utdanning, må vedkommende kvalifisere seg via kurs i høgskolepedagogikk innen to år fra tilsettingsdato.

Undervisningsspråket er norsk. Søkarar som ikkje behersker norsk eller eit anna skandinavisk språk forpliktar seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år fra tilsettingsdatoen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no etter søknadsfristen er ute. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, inkludert dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar verta innkalla til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Johannes Haltbakk, 55 58 56 29

2) Instituttleiar Georg Førland, 52 70 26 36 / 948 65 911

Søk stilling

Powered by Labrador CMS