Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i historie

Søknadsfrist: 15.08.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei mellombels stilling i inntil 60% som førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i historie for studieåret 2019/2020.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling. , .

Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen

Vi søkjer ein person som kan bidra med fagleg, kreativ og innovativ kompetanse innretta mot arbeid i skule og barnehage.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er hovudsakleg knytt til undervisninga i moderne historie i grunnskulelærarutdanningane, men noko undervisning i eldre historie må også påreknast. Arbeidsoppgåvene er undervisning, oppfølging av studentar i praksis, rettleiing og vurdering av studentarbeid. Arbeidsoppgåver innanfor mastergradsutdanningen kan også være aktuelt, avhengig av den tilsette sin kompetanse og instituttet sitt behov. I stillinga inngår ressurs til fagleg-administrativt arbeid.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetjing som førsteamanuensis vert det kravd avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetjing som førstelektor vert det kravd kompetanse på nivå med norsk doktorgrad og med tilsvarande relevans.
  • Søkjarar må minimum ha mastergrad i historie med gode resultat eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar må ha god kompetanse på nyare historie etter ca. 1800.

Vidare må søkjarane:

  • ha interesse for barn og unges læring og utvikling
  • meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • ha gode samarbeids- og formidlingsevner
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig og vere fleksibel med omsyn til oppgåver og ansvar

Det vil bli vurdert om søkjar er personleg egna for stillinga.

Følgjande vil telje positivt i vurderinga:3

  • Pedagogisk utdanning, relevant undervisningserfaring og arbeidserfaring frå grunnskulen

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar på Høgskulen på Vestlandet:

  • Instituttleiar Jan Helge Kallestad, tlf. 55 58 59 43 eller jhk@hvl.no
  • Fagkoordinator Tone Aarre, tlf 55 58 58 33

Søk stilling

Powered by Labrador CMS