Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i helse - og omsorgsvitskap

Søknadsfrist: 05.01.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, har ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar.

Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Campus Stord, er det ledig inntil to 100% faste stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i helse- og omsorgsvitskap. Tiltreding 01.04.2020.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning i bachelorstudiet for sjukepleiarar, vidareutdanningar og mastergrader innan helsefag.
  • Rettleiing og oppfølging av studentar innanfor aktuelt fagområde
  • Sensur og vurderingsarbeid
  • Vidareutvikling av emne og studieprogram og forskingsoppgåver knytt til relevante område

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Grunnutdanning som sjukepleiar, men anna helsefagleg bakgrunn kan bli vurdert.
  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkjar ha avlagt doktorgrad med relevans for fagområda i stillinga
  • For tilsetting som førstelektor må søkjaren ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, med tilsvarande krav til relevans
  • For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha minimum relevant mastergrad
  • Vitenskaplege arbeider innanfor aktuelt fagområde
  • Erfaring med FOU-prosjekt. Gjerne knytt til praktiske og dagsaktuelle utfordringar innan pleie- og omsorgstenestene og bidrag til utvikling av metodar for å overføre og ta i bruk forskingsbasert kunnskapspraksis i feltet

Ønska kvalifikasjonar:

  • Det er særleg ønskjeleg med praksis frå somatisk sektor (medisin og kirurgi) og erfaring med simulering som øvingsmetode. I tillegg kompetanse og undervisningserfaring knytt til naturvitenskapleg fagområde.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner både overfor studentar og tilsette frå ulike fagområde
  • Kunne jobbe sjølvstendig og ta ansvar
  • Vere glad i å vise initiativ og like å formidle
  • Søkjar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg på engelsk og norsk (eller anna skandinavisk språk)

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt ved tiltredelse

Sakkyndig vurdering:

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkyndig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og inntil 5 vitskaplege arbeid. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidater vil bli innkalt til intervju og vil bli bedt om å holde en prøveforelesning. Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008 - tittel.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar, Leif Steinar Alfsvåg, 53 49 14 22

Søk stilling

Powered by Labrador CMS