Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i datafag

Søknadsfrist: 26.11.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap er det ledig to midlertidige 50% stillingar som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i datafag

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.

Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Om stillinga:

Dei to midlertidige 50% stillingane som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i datafag gjeld for perioden 01.01.2020 - 30.06.2020. Stillingane er knytt til bachelorutdanning innan datafag ved campus Bergen. Stillingane kan kombinerast til ei stilling i 100%.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datafagleg utdanning.

Stilling 1 (50%): Den som vert tilsett i stillinga skal undervise kurs i mobil programmering med Android og mobile webapplikasjoner. Aktuelle kandidatar må beherske Androidprogrammering samt verktøy og arbeidsmåter som høyrer til utvikling og utrulling av Androidapplikasjoner.

Vidare må kandidaten ha kjennskap til utforming av webapplikasjoner for mobile einingar og prinsipp for kommunikasjon og brukerinteraksjon med slike applikasjonar.

Stilling 2 (50%): Den som vert tilsett i stillinga skal undervise kurs i datasystem og nettverk ved Sjøkrigsskolen i Bergen (eksternt oppdrag). Emnet inneheld mange tema og den som skal undervise bør ha kunnskap om og erfaring med

  • Objektorientert programmering i C++
  • Visual C++ applikasjoner mot internett, databaser og måleutstyr
  • Internett-servere og internett-applikasjoner med javascript eller PHP
  • Datakommunikasjon: TCP/IP-kommunikasjon programmert i C++
  • Objektbaserte datamodeller (UML)
  • Bruk av SQL Server

Arbeidet vil også inkludere utarbeiding og tilrettelegging av materiell for e-læring.

For begge stillingane gjeld at den som blir tilsett også kan bli sett til andre arbeidsoppgåver innan undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datafagleg utdanning.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • For stillingane er det krav om mastergrad i informatikk/datafag eller tilsvarande.
    • For tilsetjing som førsteamanuensis er det i tillegg krav om relevant doktorgrad.
    • For tilsetjing som førstelektor er det krav om dokumentert relevant kompetanse på nivå med doktorgrad.
  • Aktuelle kandidatar må ha brei erfaring innanfor fagområda og teknologiane nemnt over. I tillegg bør kvalifiserte søkjarar ha relevant undervisningserfaring frå vidaregåande skule eller høgare utdanning, formell utdanning i pedagogikk og/eller anna relevant undervisningserfaring (til dømes frå kursverksemd).
  • Undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • For å kunne undervise på Sjøkrigsskulen kan det bli aktuelt med sikkerhetsklarering frå forsvaret.

Personlege eigenskapar:

  • Kunne kommunisere godt både skriftleg og muntleg
  • Gode formidlingsevner
  • Evne til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

På bakgrunn av søknader vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseutvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis/ 1198 - førstelektor/ 1008 - høgskolelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiarer Kristin Fanebust Hetland, +47 55 58 76 32 eller +47 988 31 111

2) Gruppeleiar Pål Ellingsen, +47 55 58 76 02

Søk stilling

Powered by Labrador CMS