Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i biologi / biologididaktikk

Søknadsfrist: 11.08.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig stilling i inntil 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor i biologi/ biologididaktikk for perioden 1.10.19-31.7.20.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på allenivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.In

Stillinga er knytt til naturfagmiljøet i barnehage- og grunnskulelærarutdanningane ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og vurdering innan fagområda biologi, friluftsliv, naturfagdidaktikk og kunnskapsområdet natur, helse og rørsle på barnehagelærarutdanninga
  • Undervisning på eksterne kurs innan barnehagesektoren
  • Rettleiing og vurdering av bacheloroppgåver på barnhagelærarutdanninga
  • Deltaking på ekskursjonar/turar om hausten, vinter og vår
  • Undervisning på internasjonale kurs

Kvalifikasjonskrav:

Den som blir tilsett må ha kompetanse i biologi/biologididaktikk.

For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor krevs det kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevans. For tilsetting som høgskulelektor må søkar har mastergrad i biologi/ biologididaktikk med gode resultat.

Vidare må søkarane:

  • ha gode samarbeids- og formidlingsevner

  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • ha undervisningserfaring i natur, helse og rørsle i barnhagelærarutdanninga/barnehage og/eller naturfag i barneskulen/grunnskulelærarutdanninga 1-7
  • ha god kompetanse i munnleg og skriftleg engelsk

Høgt etisk medvit i møte med studentar er eit krav.

Andre kvalifikasjonar som kan bli vektlagt:

  • felterfaring
  • formidlingsverksemd til små barn
  • undervisningskompetanse i geologi og friluftsliv retta mot barnehage

Det vil bli vurdert om søkaren er personleg eigna for stillinga.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor / høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterande instittutleiar Merete Økland Sortland: 53491428 / 90955465

Søk stilling

Powered by Labrador CMS