Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i norsk

Søknadsfrist: 22.04.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett et det ledig inntil 2 mellombelse stillingar i 100% som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor i norsk for perioden 1.8.2019 til 31.7.2020.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald).


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå hausten 2017), og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg gir instituttet årsstudium i engelsk, masterutdanningar i undervisningsvitskap og masterutdanning i barne- og ungdomslitteratur. Instituttet bidrar også i Ph.D.-programmet Danning og didaktiske praksisar.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillingane er knytt til fagmiljøet i norskdidaktikk ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, oppfølging i praksis, rettleiing og vurdering av studentoppgåver. Vi er primært på jakt etter deg som kan undervise i grunnskulelærarutdanningane (1-7 og 5-10), men det er òg relevant med kompetanse innanfor barnehagelærarutdanninga. Det vil også kunne liggje undervisning i andrespråkspedagogikk, med tilhøyrande kurs og oppdrag knytt til dette. Arbeidsoppgåver innanfor etter- og vidareutdanning og/eller kurs og oppdragsverksemd kan også vere aktuelt, avhengig av kva kompetanse du har, og instituttet/fagmiljøet sine behov.

Det er behov for tilsetting i inntil 2 mellombelse stillingar; éin stilling er knytt til norsk språk og éin stilling er knytt til litteratur.

Kvalifikasjonskrav:

  • For tilsetting som førsteamanuensis må du ha avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen. For tilsetting som førstelektor må du ha dokumentert kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevanskrav. For tilsetting som høgskulelektor må du ha mastergrad/ hovudfag eller utdanning på tilsvarande nivå i norsk /norskdidaktikk.
  • Du må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar. Det er vidare positivt om du har erfaring med pedagogisk bruk av IKT.
  • Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg og ha kunnskap om det norske samfunnet.
  • Du må ha gode formidlingsevner og ha eit høgt etisk medvit i møte med studentar.

Stillingane krev også at søkjar både kan samarbeide og jobbe sjølvstendig, og vi vil legge vekt på om søkjarane er personleg eigna for stillinga.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkjarar vil det i tillegg bli lagt vekt på allsidig og relevant undervisningserfaring frå og god kjennskap til grunnskulen.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Som vedlegg til søknaden må søkarane også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer søkarens pedagogiske kvalifikasjonar

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteens innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og kan bli bedne om å halde prøveforelesing

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida
  • Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor er lønna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1011/ 1198/ 1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleiar Jorunn Steensnæs, telefon: +47 53 49 13 98

Søk stilling

Powered by Labrador CMS