Stilling:

Førsteamanuensis / førstelektor / høgskolelektor i naturfag

Søknadsfrist 5. februar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i naturfag for perioden 1.8.2019-31.7.2020. Stillinga er knytt til Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, under Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Stord.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthold og naturfag har ca. 100 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er en del av instituttet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelsearbeid. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskapog fysisk aktivitet og kosthold i et skulemiljø. Instituttet gir også undervisning på sine fagområder på alle nivå i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetets Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar. Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er også en viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje mm.Ansvars- og arbeidsoppgaver:Den som vert tilsett skal undervise i fysikk, kjemi, teknologi og design og geofag i barnehagelærarutdanninga og i grunnskulelærarutdanningane. I tillegg kan det bli undervisning på etter- og vidareutdanningar.

• Undervise, rettleie og vurdere studentar innan fysikk, kjemi, teknologi og design og geofag

• Bidra til fagutvikling på dei aktuelle undervisningsområda

• Utvikle studentanes praksisopplæring i samarbeid med andre aktørar

• I stillinga inngår ressurs til faglig-administrativt arbeid

Kvalifikasjoner:

Søkarane må ha kompetanse i fysikk og kjemi og kompetansen må være relevant for utdanningane spesifisert over. For tilsetting som førsteamanuensis krev ein at det er avlagt doktorgrad med relevans for stillingsprofilen.For tilsetting som førstelektor er det krav om kompetanse på nivå med norsk doktorgrad, og med tilsvarande relevans. For tilsetting som høgskulelektor krevs det mastergrad i eit av naturfaga, relevant for stillinga. Søkarane må ha kompetanse til å ha både teoretisk og praktisk undervisning.Undervisningsspråket er normalt norsk.

Ønskede kvalifikasjoner:

• Kompetanse i teknologi og geofag

• Yrkeserfaring med naturfagundervising frå barnhage, grunnskule eller vidaregåande skule

• Erfaring frå undervisning på barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning og praktisk pedagogisk utdanning

• Beherske engelsk som undervisningsspråk

Personlige egenskaper:

• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• evne til sjølvstendig arbeid

• Følgjande vil telje positivt i vurderinga:

• Erfaring frå forskings- og utviklingsprosjekt i pedagogisk verksemder.

• Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju med prøveforelesning.

Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor og høgskolelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar fastsett av Kunnskapsdepartementet:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129

Høgskulepedagogikk/ rettleiing:

Dersom den som blir tilsett ikkje har praktisk pedagogiske kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing må vedkommande kvalifisere seg via kurs i høgskulepedagogikk og rettleiing innan to år frå tilsettingsdato.

Vi tilbyr:

Førsteamanuensis vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1011.

Førstelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1198.

Høgskolelektor vert løna etter Statens regulativ, stillingskode 1008

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr elles:

• Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

• Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling

• Moglegheiter for trening i arbeidstida

• Moglegheiter for dekning av flyttekostnader jfr. Særavtale om dekning av flyttekostnader

Korleis søkje stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før dei vert lasta opp eller leggast ved som ei lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarliste. Søkjar vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen påVestlandet er ei IA bedrift.

Heimeside

Kontaktpersonar:

  • Merete Økland Sortland, telefon: 909 55 465 / 53 49 14 28, merete.sortland@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS