Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / Førstelektor / Høgskolelektor i matematikk

Søknadsfrist: 04.07.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil 3 mellombelse eittårige vikariat stillingar som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikk.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 270 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.


Institutt for data- og realfag har om lag 45 fast tilsette i Bergen, Førde og Haugesund. I tillegg er postdoktorar og 15-20 stipendiatar tilsett. Instituttet har ansvar for ingeniørutdanning i datafag og bachelorutdanning i informasjonsteknologi i Bergen, bachelorutdanning i informasjonsteknologi i Førde og mastergrad i programvareutvikling i Bergen. Vidare har instituttet ansvar for undervisning i matematikk, fysikk og statistikk på ingeniørutdanningane ved FIN, samt forkurs til ingeniørutdanningane. Tilsette ved instituttet rettleier PhD-studentar og underviser kurs i PhD-graden i datateknologi ved FIN, ei tverrfagleg forskarutdanning innan programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap.


Forskingsaktivitetane ved instituttet omfattar eit breitt spekter av tema innan datateknologi og berekningsorientert ingeniørvitskap, og instituttet har eit stort nettverk av samarbeidspartnarar både innan industri og akademia knytt til undervisnings- og forskingsaktivitetane.

Om stillinga:Stillingane som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i matematikk gjelder frå 01.08.2019 - 31.07.2020, og er knytt til realfagsgruppa ved Institutt for data- og realfag ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Oppgåvene knytt til stillinga er i hovudsak undervisning i matematikk for ingeniørstudentar. Det kan også vere aktuelt med undervisning i statistikk eller fysikk. Kvaliteten på undervisninga i grunnemna er svært viktig for fakultetet. Instituttet ønskjer at realfagsgruppa skal bidra til å auke forståinga for rolla til realfaga i ingeniørutdanninga.

I ingeniørutdanninga er det auka krav om å bruke programmering og rekning på datamaskin, og realfaga har eit særskild ansvar for at studentane utviklar ferdigheiter i dette. Arbeidsoppgåver kan også vere knytt til bruk av programmering og rekning på datamaskin i undervisninga.

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kompetansar:Den som vert tilsett må minimum ha mastergrad/hovudfag i matematikk eller nærliggjande, relevant fagområde. For tilsetjing som førsteamanuensis er det i tillegg krav om relevant doktorgrad. For tilsetjing som førstelektor er det krav om dokumentert relevant kompetanse på nivå med doktorgrad.

Søkjarar må ha erfaring frå og evner for undervisning på bachelornivå og evne til å forstå korleis undervisninga på dette nivået viser veg mot vidare studiar.

Undervisningsspråket ved HVL er vanlegvis norsk. Den som vert tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Ønskede kvalifikasjonar:

Vidare vert følgjande kvalifikasjonar vektlagde, med særskild vekt på aktivitetar dei siste fem åra:

  • Formell kompetanse i pedagogikk
  • Relevant yrkeserfaring og/eller erfaring frå prosjektsamarbeid med samfunns-/næringsliv
  • Undervisningskompetanse i fysikk og/eller statistikk i tillegg til matematikk
  • Erfaring med programmering og rekning på datamaskin og opplæring av andre i bruk av slike verktøy

Personlege eigenskapar:

  • Evner til formidling
  • Samarbeidsevner og evner til å skape godt arbeidsmiljø

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

På bakgrunn av søknad, attester og vitnemål vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskodane 1011/1198/1008.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Kristin Fanebust Hetland på telefon +47 55 58 76 32 eller mobil +47 988 31 111

Søk stilling

Powered by Labrador CMS