LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis i datateknologi

Søknadsfrist: 02.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.


Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i datateknologi ved Fakultet for ingeniør - og naturvitskap.

Om stillinga:

Stillinga som førsteamanuensis i datateknologi er knytt til bachelorutdanningane innan datateknologi ved campus Bergen. Den som vert tilsett i stillinga må ha brei kompetanse innan datateknologi med vekt på programmering. Det vert også lagt vekt på forskingserfaring/-kompetanse og pedagogisk kompetanse.

Arbeidsoppgåvene vil vere undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentar innan datafagleg utdanning.Det er også forventa at den som vert tilsett deltek i forskingsaktivitetar knytta til dei sentrale forskingsguppane på datateknologigruppa, sjå https://ict.hvl.no

Arbeidsplassen er Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Den som vert tilsett i stillinga skal undervise kurs i datasystem og nettverk ved Sjøkrigsskolen i Bergen (eksternt oppdrag).

Emnet inneheld mange tema og den som skal undervise må ha kunnskap om og erfaring med:

  • Objektorientert programmering i C++
  • Visual C++ applikasjoner mot internett, databaser og måleutstyr (arduino/raspberry pi)
  • Internett-servere og internett-applikasjoner med javascript eller PHP
  • Datakommunikasjon: TCP/IP-kommunikasjon programmert i C++
  • Objektbaserte datamodeller (UML)
  • Bruk av SQL Server

Arbeidet vil også inkludere utarbeiding og tilrettelegging av materiell for e-læring.I tillegg skal stillinga dekke undervisning i databasar og operativsystem på dei ordinære datastudia på HVL, og det er derfor eit krav at aktuelle søkarar har erfaring med og kunnskap om desse fagområda.

Kvalifikasjonar:

Kriterier for ansettelse i undervisnings- og forskerstilling fremgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger .

Undervisningsspråket er norsk, og det er eit krav at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Det er også eit krav om å kunne sikkerhetsklarerast for undervisninga ved Sjøkrigsskolen.

Formell utdanning og kompetanse:

  • For stillinga er det krav om PhD i informatikk, datateknologi eventuelt andre nærliggande realfag som fysikk eller matematikk som har eit vesentleg innslag av datateknologi.
  • Aktuelle kandidatar må ha erfaring med teknologiane nemnt over, og det vert lagt særskilt vekt på kunnskapar om og erfaring med databasesystem og operativsystem.
  • Kandidaten bør også ha erfaring med forsking som er relevant for fagfeltet. Det vert lagt vekt på at forskingsprofilen passar inn med instituttet sine eksisterande forskingsområde. Sjå https://ict.hvl.no
  • I tillegg vert det lagt vekt på pedagogisk utdanning eller erfaring frå undervisning eller kursverksemd.

Personlege egenskapar:

  • Sjølvstendig
  • engasjert
  • innsatsvillig
  • gode kommunikasjons -og samarbeidsevnar

Utdanningsfagleg kompetanse:

Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller dei utdannigsfaglege krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no.

Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 15MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse
  • Spennende fagmiljø med mulighet for kompetanseheving- og utvikling
  • Mulighet for trening i arbeidstiden

Stillingen som førsteamanuensis er lønnet etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 - førsteamanuensis.

Fra lønn vil det bli trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjør oppmerksom på at i henhold til offentlighetsloven kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om ikke å bli oppført på søkerlisten. Søkere vil bli varslet dersom slik anmodning ikke tas til følge.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssammensetning og rekruttere personer med minoritetsbakgrunn, nedsatt funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterende instituttleder: Pål Ellingsen, telefon +47 55 58 76 02, Epost: Pal.Ellingsen@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS