Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i radiografi

Søknadsfrist: 09.02.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for Helse- og sosialvitskap,er det ledig fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor i radiografi.

Arbeidsplassen er Campus Bergen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar, fleire masterutdanningar og eit ph.d.-studie i Helse, funksjon og deltaking. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 580 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar og tverrfaglege vidareutdanningar. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing, fagutvikling og forsking innan fagområdet radiografi og/eller medisinsk avbilding
  • Oppfølging og rettleiing av studentar, ferdighetstrening og vurdering
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • for tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagt ph.d. innan helsefag eller medisinske fag relevant for stillinga og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan helsefag eller medisinske fag relevant for stillinga
  • søkjar bør vere radiograf
  • søkjarar som ikkje har radiografutdanning må dokumentera fordjuping i relevante fagområde innafor medisinsk avbilding
  • relevant arbeidserfaring med medisinsk avbilding
  • pedagogisk erfaring
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk, medan skandinavisk språkkunnskap er ein fordel. Dersom manglande norskkunnskap, må kandidaten tilegne seg kompetanse på minimum B2 nivå innan tre år.
  • god IKT-kompetanse

Ønskede kvalifikasjoner:

  • autorisasjon som radiograf eller andre med kunnskap og erfaring frå arbeid med medisinsk avbildning som til dømes radiolog eller medisinsk fysikar
  • kvalifikasjoner innan eitt eller fleire av fagfelta knytt til medisinsk avbildning: magnetisk resonans (MRI), anvendt teknologi, medisinsk bildebehandling, tolking av radiologiske bilder, kunstig intelligens, e-helse og innovasjon.
  • formell pedagogisk kompetanse
  • erfaring frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • erfaring med internasjonalt samarbeid og erfaring med søknadsskriving for prosjektmidlar
  • erfaring med formidling av fag- og forskning

Personlege eigenskapar:

  • sjølvstendig og ansvarleg
  • interesse for å bidra til å styrke forsking og fagutvikling på fagseksjonen
  • evne til å ta initiativ, både til faglege og sosiale aktivitetar i tråd med et godt arbeidsmiljø
  • er positiv og har gode samarbeidsevner
  • god evne til formidling

Høgskulepedagogikk / rettleiing

Det vert stilt krav til praktisk pedagogisk kompetanse i samsvar med Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verta innkalt til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingen som førsteamanuensis/førstelektor er lønnet etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Bjørg Hafslund, tlf: 55 58 55 06

2) Fagseksjonsleiarr Eli Bjøvad Eikefjord, tlf: 55 58 55 88

Søk stilling

Powered by Labrador CMS