Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis / førstelektor i psykisk helse- og rusarbeid

Søknadsfrist: 19.04.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 430 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse,

funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor innan psykisk helse- og rusarbeid

Det er ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap, ledig 100 % fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor i psykisk helsearbeid og rus for snarleg tilsetting. Instituttet er organisert i sju fagseksjonar, og stillinga er organisatorisk knytt til fagseksjon for tverrfagleg master - og vidareutdanningsprogram. Fagseksjonen sin profil og utdanningstilbod, er innretta og går på tvers av fag- og tenesteområde med samhandling, folkehelse, helse- og omsorgstenestene og pasientar/brukarar med langvarige og samansette lidingar som overordna fokusområde.

Stillinga kan medføre arbeidsoppgåver ved andre studiestadar ved HVL.Arbeidsstad er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • undervise, rettleie og vurdere studentar på bachelor i sjukepleie og på master- og vidareutdanningar
  • rettleie doktorgradsstudentar
  • planlegge og organisere utdanning og vidareutvikle læringsmåtar
  • vidareutvikle utdanningstilbodet
  • rettleie studentar i praksis
  • forsking innan fagområda til stillinga

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • utdanning som sjukepleiar, vernepleiar, psykolog, samfunnsvitar eller sosionom
  • utdanning/formell kompetanse innan fagfeltet psykisk helsearbeid med kompetanse om: - psykososialt arbeid med barn og unge - og/eller psykisk helsearbeid og rusproblematikk
  • fagkompetanse tilsvarande førstestilling. Stilling som førsteamanuensis krev avlagt doktorgrad. Stilling som førstelektor krev mastergrad eller tilsvarande, og forskings- og utviklingsarbeid tilsvarande arbeidsmengde og kvalitet for ein doktorgrad.
  • forskingserfaring frå stillinga sitt fagområde
  • klinisk erfaring frå stillinga sitt fagområde
  • det er ønskjeleg med spesialisering innan psykososialt arbeid med barn og unge, og/eller psykisk helsearbeid og rusproblematikk med fordjupning i eitt eller fleire av følgjande områder: - helsefremmande og førebyggande verksemd innan psykisk helse og rusarbeid - helsetenesteforsking med vekt på psykisk helse- og rusarbeid - brukarar og pårørande sine erfaringar med psykisk helse og rusproblemer og med psykiske helse - og rustenester - behandlingsforsking om psykisk helse - og/eller rusproblem - psykisk helse og eldre
  • det vert stilt krav om praktisk pedagogisk kompetanse i samsvar med forskrift Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisning - og forskerstillinger.
  • erfaring frå undervisning og rettleiing på høgskule - og universitetsnivå
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk

Søkjarar som ikkje tilfredsstiller kravet om praktisk pedagogisk kompetanse, må skaffe seg kompetanse innan to år frå tilsettingsdato. HVL tilbyr høgskule-pedagogisk kurs som tilfredsstiller kravet i forskrifta.

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeids - og kommunikasjonsevner, og evne til å bidra til eit konstruktivt arbeidsmiljø og eit godt studentsamarbeid
  • evne til å identifisere område for nyskapande tverrfagleg forsking og innovasjon innan fagområda til stillinga
  • høg arbeidskapasitet
  • evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.

Vi søkjer ein som kan bidra til å styrke det faglege og pedagogiske arbeidet innan eitt eller fleire av desse fagområda i bachelor- og masterstudiet og i vårt vidareutdanningstilbod. Førsteamanuensis/førstelektor skal undervise og rettleie studentar på bachelor i sjukepleie og på både monofaglege og tverrfaglege master- og vidareutdanningstilbod og bidra i utvikling av høgskulen si tverrfaglege forsking innan fagområda.

Den som blir tilsett vil delta i ei av forskingsgruppene ved fakultetet. Undervisning og rettleiing av studentar med bruk av digitale læringsformer og rettleiing av studentar i praksisstudiar inngår i stillinga.

Vi ønskjer søkjarar som har erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering, internasjonal erfaring, utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet og som har erfaring med digitale læringsverktøy.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førsteamanuensis / førstelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011 / 1198.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagseksjonsleiar Siri Ytrehus, tlf 48 25 45 22

2) Instituttleiar Georg Førland, tlf 94 86 59 11

Søk stilling

Powered by Labrador CMS